PÅ TOPP: Liv Signe Navarsete frå Lærdal rokkar ingen ved på toppen av Sogn og Fjordane Senterparti si liste inn mot Stortingsvalet. Aleksander Øren Heen frå Årdal er på ein nesten like klar 2.plass. Her er dei to på den norske ambassaden i Finland under ein studietur. Foto: Sogn og Fjordane SP
PÅ TOPP: Liv Signe Navarsete frå Lærdal rokkar ingen ved på toppen av Sogn og Fjordane Senterparti si liste inn mot Stortingsvalet. Aleksander Øren Heen frå Årdal er på ein nesten like klar 2.plass. Her er dei to på den norske ambassaden i Finland under ein studietur. Foto: Sogn og Fjordane SP

Øren Heen på soleklar 2.plass

Ti lokallag ønskjer at årdølen skal stå på plassen bak Liv Signe Navarsete når SP bankar nominasjonen til Stortingsvalet neste haust. Det er langt ned til næraste utfordrar  

Årdal/Oslo: – Eg har lyst, så det er kjekt at lokallaga meiner eg kan gjera ein god jobb, seier Aleksander Øren Heen. 

Samtlege lokallag i fylket, samt Senterkvinnene og Senterungdommen, har levert inn sine prioriteringar på kandidatar inn mot Stortingsvalet neste haust.

Ingen rokkar ved Liv Signe Navarsete sin 1.plass - 27 av 28 har henne på topp. Berre Årdal har sett Navarsete på 2.plass, her står Øren Heen på første. For øvrig har Heen ti 2.plassar, to 3.plassar og ti 4.plassar.

– Vanskeleg jobb

Dei næraste utfordrarane er dei to kandidatane frå Gaular - Steinar Gudmund Ness og Jenny Følling. Førstnemnde har tre 2.plassar, fem 3.plassar og fire 4.plassar, sistnemnde fire 2.plassar og tre både 3. og 4.plassar.

– Då var vel andreplassen i boks, Øren Heen?   

– Eg trur ikkje du kan seia det, heilt.

– Men det ser no bra ut.

– Jau då. Dette er jo lokallaga sin sjanse til å påverka nominasjonsprosessen. Men det er mange gode kandidatar, så nominasjonsnemnda har ein vanskeleg jobb føre seg.

Stortinget neste?

Ein 2.plass på lista til Sogn og Fjordane Senterparti under stortingsvalet kan også føra til plass på Tinget - om alt går Senterpartiet og Øren Heen sin veg.

– Med resultatet me hadde under fylkestingsvalet i fjor ville Senterpartiet ha fått inn to frå Sogn og Fjordane. Så dette er jo eit steg nærare.

– Kva blir dei viktigaste sakene for deg, no når stemma di ser ut til å få enno større tyngd?

– Det er så mange pågåande prosessar som går i fylket vårt sin disfavør, så der vil eg vera veldig synleg og tydeleg på at dette er ein kurs som ikkje er riktig. Det skal eg bruka mykje tid på, å kjempa hardt mot sentralisering.

– Noko seier meg at du har regionreformen i tankane?

– Den står høgt. Så er det lagd ned ein del politidistrikt i landet, no står lensmannskontora for tur. Og blir dagens regjering sitjande med makta kan det enda med tvangssamanslåing av kommunar.

Les også: – Overraska viss fylkestinget går inn for dette

– Du skal ikkje utfordra Navarsete om førsteplassen, då?

– Absolutt ikkje. Liv Signe gjer ein svært god jobb på Stortinget og skal halda fram der, det er alle einige om i partiet.

Nominasjonsnemnda skal no koma med sitt endelege framlegg og har frist for dette arbeidet til slutten av oktober. 

Nominasjonsmøtet skal vera fredag 25. november 2016.

Til toppen