ORGANISERING: Tidlegare ordførar og rådmann, Arvid Lillehauge, meiner næringsutviklingsarbeidet i Høyanger framleis bør gjerast gjennom eit AS
ORGANISERING: Tidlegare ordførar og rådmann, Arvid Lillehauge, meiner næringsutviklingsarbeidet i Høyanger framleis bør gjerast gjennom eit AS (Foto: Høyanger kommune)

MEININGAR

Organisering av nærings og tiltaksarbeidet i Høyanger kommune

– Å tru at ein ny organisasjonmodell organisert inn i eit tenesteområde vil styrke nærings- og tiltaksarbeidet, er eit blindspor, skriv tidlegare ordførar og rådmann Arvid Lillehauge i innlegget

Meiningar: Eg har med interesse lest høyringane frå næringslivet, andre næringsselskap/kommunar og rådmannen si saksutgreiing.

Som ordførar og sentral i etableringa av HNU sin organisasjonsmodell, seinare rådmann og sentral i arbeidet med næringsutvikling, finn eg grunn til å kommentere denne saka  som pensjonert rådmann.

Høyanger Næringsutvikling, som andre selskap, har behov for å evaluere og sjå på sine sterke og svake sider og eventuelt korrigere kursen for å tilpasse seg dagens og framtida sine behov.

Mine synspunkt vil i all hovudsak vere kommentarar til organisasjonsforma for næringsutviklingsarbeidet. 

Fleire av fråsegnene tek opp samarbeidet mellom næringslivet og HNU, som etter mi meining er ei anna viktig sak, men som ikkje blir kommentert, men velger å fremje saka som val av organisasjonsmodell.

Å tru at ein ny organisasjonmodell organisert inn i eit tenesteområde vil styrke nærings- og tiltaksarbeidet, er eit blindspor.

Arvid Lillehauge

Ved etableringa av HNU var det eit sentralt tema at næringslivet hadde behov for å kommunisere og forholde seg til eit frittståande selskap, ikkje som ein del av den kommunale forvaltninga. Dette er framleis etter mi meining det heilt sentrale.

Eg kan ikkje sjå av saksutgreiinga at næringsutviklingsarbeidet skal ha andre føremål enn det som framgår av det som er registrert om HNU i Brønnøysund registeret . 

Aktiv næringsutvikling ved å sette i verk og drive fram kompetansehevande og næringsfremjande tiltak, både i nye og eksisterande verksemder. 

Vidare skal selskapet;

a) Ta aktiv del i det næringsretta kommuneplanarbeidet og i samarbeid med kommunen utforme strategiar for ei aktiv næringsutvikling i kommunen.

b)Yte etablerarstønad og tilby rådgjeving ovanfor nyetablerarar og eksisterande verksemder.

c) Vere kontaktskapande organ mellom næringslivet og kommunale, fylkeskommunale og statlege styresmakter

d) Ta aktiv del i samarbeidet med andre tiltaksorgan i, og utanfor kommunen.

3) Selskapet skal i saman med kommunen fremje næringspolitiske saker ovanfor andre instansar. Føremålet er ikkje å skaffe aksjeeigarane økonomisk utbytte.

Å tru at ein ny organisasjonmodell organisert inn i eit tenesteområde vil styrke nærings- og tiltaksarbeidet, er eit blindspor. Eg kan heller ikkje sjå at saksutgreiinga dokumenterer kva som vil vere fordelane med å organisere nærings- og tiltaksarbeidet som del av den kommunale forvaltninga, om måla framleis skal vere dei same som er registrert i Brønnøysund.

Utfordringane ligg i å finne den rette samhandlinga i det som er registrert som måla og punkta  a-e. Dette krev at HNU, kommunen og næringslivsbedriftene skaper ein samhandlingsplattform som i lag fremjar nærings- og tiltaksarbeidet. I tillegg at styret bør ha med styremedlemer med kompetanse frå næringslivet. 

HNU bør framleis vere eit AS og ikkje organisert inn i den kommunale forvaltninga.

Eg oppfordrar politikarane til å lese nøye fråsegna frå Sunnfjord Utvikling AS , der finn ein det meste av det som var tema og erfaringane Høyanger kommune hadde ved etableringa av HNU. 

Lukke til.

Til toppen