Sogndal: Det nye orgelet i Stedje kyrkje er ferdig. Mannen som skal innvia vidunderet er Olivier Latry, hovudorganist i Notre Dame, den verdskjende katedralen i Paris.

– Latry er rekna for å vere blant dei aller beste konsertorganistar i verda, og turnerer verda over og på svært prestisjetunge plassar, seier kantor i Stedje kyrkje Arild Slinde ei pressemelding.
Orgelet har 40 stemmer og er bygd av nederlandske Sicco Steendam. Sluttsummen har til slutt blitt nærare fem millionar kroner.
– Det er eit av dei største orgla mellom Bergen og Ålesund. I spelepulten ligg det og datateknologi som gjer orgelet til eitt av dei mest avanserte i landet, seier Slinde.