Hallgeir Ødegaard Westli har hatt ei rekkje konsertar i inn- og utland, mellom anna i Odense domkirke og som solist på Fartein Valen-festivalen i Haugesund. Søndag vitjar han Leikanger. (Bilde: MARTA OEGAARD)

Orgelkonsert i Leikanger kyrkje

Søndag 24. September inviterer Hallgeir Øgaard Westli, kantor i Leikanger kyrkje, til orgelkonsert med mykje spennande musikk på programmet.

– Konserten byrjar med musikk frå barokken, der tyske Johann Sebastian Bach og tysk-danske Dietrich Buxtehude er svært sentrale komponistar, fortel Westli.

– Bach, som gjekk til saman 800 km for å høyre på og læra av Buxtehude, er den mest betydningsfulle komponist gjennom tidene. Folk flest kjenner kanskje Bach best som komponisten av «Toccata & Fuge, d-moll», som blei kjenningsmelodien til «Det var en gang et menneske». Dette stykket står sjølvsagt på programmet!

Variert program

Vidare utover i programmet er det mellom anna musikk av den engelske komponisten Herbert Howells, som døydde i 1983.

– Howells har hatt mykje å seie for den moderne kyrkjemusikken i England, og var i mange år tilknytta Westminster Abbey, forklarer han. 

Til slutt presenterer Hallgeir musikk av to franske, moderne komponistar.

– Jehan Alain hadde ei svært lovande komponistkarriere foran seg. I løpet av 10 år komponerte han nokre av dei mest spennende stykka i fransk 1900-talls orgelmusikk. 
Maurice Duruflé, som var ein nær ven av Jehan Alain, skreiv verket «Prélude et Fugue sur le nom d’A.L.A.I.N.» til minne om sin drepne ven. Stykket, som er ei fantastisk reise i orgelet sin klangverden, er basert på to tema; eit der navnet til Alain er skriven i notar, og eit henta frå det mest kjende stykket Alain skreiv - «Litanies».

Erfaren musikar

Hallgeir Øgaard Westli har vore kantor i Leikanger kyrkje sidan sommaren 2015. 

– Eg har utdanning frå Griegakademiet i Bergen, har vore kantor i Stavanger og Bergen og vore leiar for Ung Kirkesang Bjørgvin.

Han har hatt ei rekkje konsertar i inn- og utland, mellom anna i Odense domkirke og som solist på Fartein Valen-festivalen i Haugesund.I tillegg til å vere kantor for Leikanger og Fjærland, er Hallgeir dirigent for Sogndal musikklag og sekretær for Norsk orgelkonsulentforening.

Til toppen