GLADARE TIDER: Her feirar Ørjan Hopen sigeren mot Brann i 2011 etter å ha scora kampens einaste mål. No er det utenomsportslege problem som stel overskriftene.
GLADARE TIDER: Her feirar Ørjan Hopen sigeren mot Brann i 2011 etter å ha scora kampens einaste mål. No er det utenomsportslege problem som stel overskriftene.

Ørjan Hopen (24) innrømmer svindel på Facebook

Den tidlegare sogndalprofilen er i trøbbel etter å ha lurt fleire personar til å kjøpe Premier League-billettar dei aldri fekk.

Sogndal: Ørjan Hopen var sett på som eit stort talent i Sogndal, spesielt berykta for sin gode frisparkfot. Frå 2009 til 2014 spelte han 68 kampar og scora 9 mål for heimklubben.

I mange år har han slitt med gamblingproblem, noko han òg har vore open om. No ser det ut til at den delen av sagaen har fått eit nytt og mørkt kapittel.

Bergensavisa var dei første til å melde om saka. På ei lukka Facebook-side for kjøp og sal av billettar til United-kampar melde fleire personar at dei hadde betalt store summar for billettar dei aldri fekk. Ørjan Hopen vart identifisert som syndaren og laurdag kveld, på same gruppa, innrømmer Hopen det heile:

– Først og fremst vil eg legga meg flat og beklaga på det sterkaste det som har skjedd. Har over lengre tid hatt store problem økonomisk. Dette blir no tatt tak i av menneske som ønskjer å hjelpa meg, skriv Hopen.

Vidare skriv han at det har blitt oppretta ei mailadresse der folk som kjenner seg lurte kan skrive inn.

– Eg ønsker å få ordna opp med alle og apparatet rundt meg vil følgje dette opp hundre prosent. Håper at me kan få kontakt med alle dette gjeld slik at eg kan få ordna opp. Beklager så djupt for kva dette har medbringt dykk, står det i innlegget.

Ørjan Hopen har vore klubblaus etter at han valde å ikkje forlenge med 1. divisjonsklubben Levanger. I sommar trente han med moderklubben Sogndal, medan han i det siste har vore på prøvespel i Åsane.

Han har til fleire media sagt at han ikkje ønskjer å kommentere saka ytterlegare.

Til toppen