Filefjell: – Då me kom på jobb i dag tidleg, såg me at det var registrert ein vindstyrke på på 41,2 meter i sekundet. Det er jo ein del, då grensa for orkan er på 33 meter i sekundet, seier Ole Martin Jægersborg, driftsleiar ved Tyin-Filefjell skisenter.
Den sterke vinden har gjort at delar av taket på kafeteriaen Varmestoga har blese av.
– No plukkar me glava, isolasjon og byggjerestar rundt om, som kjem frå taket på Varmestøga, seier driftsleiaren.
Det er ingen innvendige skader på bygget.
- Les òg: Open bakke på Filefjell
Usikkert om skisenteret på Filefjell held opent i helga
Dei veit ikkje om det er fleire øydeleggingar i annlegget.

– Det er ikkje bra nok vêr til å reisa på toppen av skiheisen for å sjekka for øydeleggingar.
Vinden har roa seg noko no, men Jægersborg veit ikkje korleis det blir vidare i helga.
– Me håpar i alle fall at skiheisen vil vera i drift, men om det vert serveringsmoglegheitar, er meir usikkert.