EcoMerden
EcoMerden (Foto: Osland Havbruk)

Osland havbruk får førelegg på 550.000 kroner for lovbrot: – Me har akseptert førelegget og er ferdig med saka 

Norges Miljøvernforbund sende inn melding for ulovlig bruk av lusemiddel.

Høyanger: Vest politidistrikt har gitt eit førelegg på 550.000 kroner til Osland havbruk AS i Høyanger for brot på lova som forbyr bruk av miljøgifter som kan skade reker og skaldyr, skriv Vest Politidistrikt i ei pressemelding.

– Det her skjedde i 2017. Me har akseptert førelegget, er ferdig med saka og gått vidare, seier kommunikasjonkontakt på Osland Havbruk Geir Helge Østerbø til Porten.no

Osland Havbruk AS har den 20.mars 2020 vedtatt førelegget. 

Politiet tok imot melding frå Norges Miljøvernforbund i 2018 for den ulovlige bruken av lusemiddel ved fleire høve hausten 2017.

Lovbrotet gjaldt bruk av legemidlar mot lakselus i nærleiken av rekefelt, som vart eksplisitt forboden frå 27. februar 2017. Eit generelt krav til aktsemd med omsyn til miljøet gjaldt frå før, skriv dei. 

 

 

Til toppen