GJENSYN: Sykkelløpet blir arrangert for første gong på atten år.
GJENSYN: Sykkelløpet blir arrangert for første gong på atten år. (Foto: Arkiv)

Oslo-Lærdal: Sykkelklassikaren på programmet att

Og interessa er tydelegvis stor. Rittet er allereie fullteikna.

Lærdal: Sist det populære sykkelrittet frå Oslo til Lærdal vart skipa til var i år 2000. Mange ivrige syklistar har nok sakna det populære rittet, og 1. september byr sjansen seg. Syklistane skal då tilbakelegge 340 kilomter med tilsvarande 3122 høgdemeter.

SYKKEL: Erik M. Aarethun - leiar i Lærdal Sykkelklubb Foto: Steinar Kvigne

Oslo-Lærdal vart fyrste gongen skipa til i 1986, deretter kvart år fram til 2000. Arrangør alle desse åra vart Lærdal Sykkelklubb. I år er det arrangøren av rittet Trondheim-Oslo, Styrkeprøven AS som har ansvaret.

Aarethun: – Veldig kjekt

Primus motor i Lærdal sykkelklubb, Erik M. Aarethun tykkjer det er at kjekt at klassikaren Oslo-Lærdal i år får ein re-start.

– Veldig positivt og gledeleg at arrangøren av Styrkeprøven prøver å få dette til. Oslo-Lærdal eit av tre offisielle distanseløp i Norge der det kan setjast norsk rekord, det seier litt om kva status rittet har, seier Aarethun til Porten.no. 

Satsar på årleg arrangement

Lærdølen har lang erfaring i sykkelmiljøet, tidlegare visepresident frå 1994-2000, og frå 2000 til 2008 som president i Norges Sykkelforbund. Styrkeprøven AS har invitert Lærdal sykkelklubb til eit samarbeid i samband med rittet i september.

- Detaljane kring dette er ikkje klart, men me vår vel ei rolle i samband med at ryttarane kjem til Lærdal. Eit møte i nær framtid vil gje ei avklaring, seier Aarethun.

Målet er at Oslo-Lærdal skal skipast til fyrste helga i september kvart år.

Til toppen