Høyanger: Teknisk sjef i Østerbø Maskin, Åge Østerbø, utførte installasjonen på sikkerheitslageret. Lageret ligg 1300 kilometer nord for polarsirkelen, og her blir kasser med frø frå heile verda langtidslagra i tørre og kalde fjellhallar.
– Det er jo så klart med ei viss ærefrykt ein går inn i eit slikt oppdrag, å vera med på å sikre det globale frølageret er ikkje akkurat kvardags for oss heller, seier Østerbø.
Nasjonale kundar og globale verdiar
Han fortel at verksemda ofte tek på seg kritiske oppdrag for mellom anna sjukehus eller flyplassar, men å sikre globale ressursar er nytt.
Målet med frølageret er å bevare den store genetiske variasjonen i verdas matplanter. Kunden til Østerbø er Bravida og sluttkunden for prosjektet er Statsbygg.
– Dette er eit heilt spesielt prosjekt. Det er kjekt å visa at vi som «lokal bedrift» har kundar nasjonalt og no er med og sikrar verdiar globalt, seier leiar for aggregat i Østerbø Maskin, Magne Halland.