Høyanger/Gulen: – Eg har stor sans for reisa Østerbø har starta på. Her er dyktige tilsette, ambisjonar og eigarar som ønskjer vidare vekst. No sist med oppkjøp av Meland Elektro. Dette er ein sjanse eg ikkje kunne gå glipp av, seier Richard Cornell i ei pressemelding.
Han har solid erfaring innan fagfelta til Østerbø Maskin AS. Cornell er i dag regional manager i Veltec AS med base på Mongstad. Han tek fatt i den nye jobben ho Østerbø Maskin rundt påsketider i 2020.
Styreleiar Jonny Atle Marøy seier i pressemeldinga at Cornell har erfaringa med å byggje opp eit selskap som bedrifta har vore på jakt etter, noko som gjer at Østerbø Maskin kan utvide verksemda dei har i dag.
– Me er svært glade for at me får ein ny dyktig og erfaren administrerande direktør. Han er den mannen Østerbø treng for å ta steget vidare med våre vekstambisjonar, seier Marøy.