NYE OPPGÅVER: Steinar Holen sluttar som dagleg leiar, men forlet ikkje Østerbø Maskin.
NYE OPPGÅVER: Steinar Holen sluttar som dagleg leiar, men forlet ikkje Østerbø Maskin. (Foto: Østerbø Maskin)

Østerbø maskin jaktar på ny administrerande direktør – dagleg leiar går av

Etter snart ni år som dagleg leiar, går Steinar Holen over i ei ny rolle i verksemda.

Høyanger: Det er Steinar Holen sjølv som ønskjer ei ny rolle i Østerbø Maskin AS, skriv verksemda i ei pressemelding. 

– Det har vore spennande, lærerike, utfordrande og kjekke år som dagleg leiar i dette hardtarbeidande selskapet. Eg er stolt av det me har fått til. Men no kjenner eg tida er inne for å late nye krefter ta over roret, seier Holen i pressemeldinga.

Han tek no til i rolla som driftssjef. Framover skal han arbeide med leiing av større prosjekt mot kundar innan oppdrett og industri. 

– Store ambisjonar

Østerbø Maskin har store ambisjonar, ifølgje pressemeldinga. Verksemda søkjer difor no etter ein administrerande direktør i staden for dagleg leiar. Den ønskjer ein person med relevant erfaring og utdanning som ønskjer å byggje selskapet vidare.

– Me treng nokon som har ein solid base i botn og ein god porsjon stå-på-vilje på toppen, seier styreleiar Jonny Marøy i pressemeldinga. 

Han meiner verksemda har vist at det går an å skape noko og vekse på små stader. 

Fleire aggregatleveransar

Det er i dag om lag 30 tilsette i bedrifta, som har avdelingar både på Østerbø på Høyanger sørside og i Sløvåg i Gulen. Verksemda leverer blant anna løysingar innan straumggregat, utstyr til havbruksnæringa, elektromekanisk produksjon, elektroinstallasjon og sakkyndig kontroll. 

Østerbø maskin har også levert aggregat til fleire sjukehus, store landbaserte oppdrettsanlegg og flyplassar. 

Til toppen