Høyanger/Gulen: Østerbø Maskin AS har jobba for å styrkje verksemda innan elektroinstallasjon. Verksemda, som er lokalisert på Østerbø på Høyanger sørside og i Sløvåg i Gulen, har alltid arbeidd innan elektroinstallasjon, men ønskjer no å satse meir på feltet, ifølgje i ei pressemelding.
Fredag vart Østerbø maskin samd med Meland Elektro AS om å kjøpe opp 100 prosent av aksjane til elektroselskapet, som med det vert eit dotterselskap under Østerbø Maskin.
– Det er eit naturleg ledd i vekststrategien vår, seier styreleiar Jonny Atle Marøy i Østerbø Maskin i pressemeldinga.
Elektroinstallasjon heng nært saman med resten av tenestene verksemda leverer, blant anna straumaggregat.
Meland Elektro AS har 18 tilsette og held til på Frekhaug i Meland. Namnet til verksemda vil halde fram som i dag. Alle dei tilsette skal halde fram i jobben. Dei to verksemdene ønskjer å styrkje kvarandre med kompetansen dei har innan elektro og industri og havbruk.