FRÅ VENSTRE: Selger Kim Andre Eide i Østerbø Maskin, Sigve Bø og Jan Erik Søreide.
FRÅ VENSTRE: Selger Kim Andre Eide i Østerbø Maskin, Sigve Bø og Jan Erik Søreide. (Foto: Privat)

Østerbø maskin satsar på rensefiskutstyr

Østerbø maskin skal saman med Sigve Bø samarbeide om produkt som skal skapa betre fiskevelferd.

Ytre Sogn: Dei to partane skal no samarbeide i selskapet Safehide om utvikling, produksjon og sal av rensefiskutstyr. Det melder ilaks.no.

Sigve Bø har tidlegare utvikla Safehide då han har jobba med gjenfangst av leppefisk, som tek føre seg heile syklusen til sensefisken frå mottak til gjenfangst.

– Østerbø Maskin er svært glade for å samarbeida med Sigve om hans produkt, og har stor tru på at Safehide er ein god løysing for å heva leveforholda til rensefisken i laksemerdene, seier markedssjef og leder produkt i Østerbø Maskin, Jan Erik B. Søreide.

Vil heva kvaliteten på leveforholda til fisken

Safehide fungerer som mottaksmerd, rensefiskhabitat og gjenfangstredskap. I dag vert rensefisken motteke i ei eiga mottaksromme, og må deretter finne tareskjul. 

Han meinar at det ikkje finnes nokon god løysing for gjenfangst endå, men trekk fram teiner, hoving og bruk av kastenot som eksempler på kva som blir brukt i dag.

– Dette er både tidskrevande og stressande for fisken, seier Søreide som har god tru på at det nye samarbeidet kan heve leveforholda til fisken i framtida. 

NYTT SAMARBEID: Dette rensefiskskjulet skal betre fiskevelferd. Foto: Safehide
Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen