VARSEL: Østerbø Maskin AS har sendt ut permitteringsvarsel til alle tilsette, men dagleg leiar Steinar Holen trur og håpar likevel ikkje alle vert permitterte.
VARSEL: Østerbø Maskin AS har sendt ut permitteringsvarsel til alle tilsette, men dagleg leiar Steinar Holen trur og håpar likevel ikkje alle vert permitterte. (Foto: Østerbø Maskin/arkivfoto)

Østerbø Maskin varslar permitteringar

Østerbø Maskin AS har sendt ut permitteringsvarsel til alle tilsette. Førebels vert kring 25 prosent tekne ut i morgon.

Høyanger/Gulen: – Vi satsar på at vi slepp permittere alle, men vi er nøydde å vere føre var, seier dagleg leiar Steinar Holen til Porten.no. 

Alle dei 30 tilsette i avdelingane på Østerbø og i Sløvåg har fått permitteringsvarsel, Kring 25 prosent av desse vil bli tekne ut i morgon, ifølgje Holen. Det tilsvarer om lag åtte personar. 

Det var Ytre Sogn som først omtala saka. 

Vil oppretthalde beredskap for aggregat

Fordi verksemda har ein del samfunnskritiske kundar på aggregatsida, tvilar Holen på at alle tilsette vil bli tekne ut. 

– Det er viktig å oppretthalde servicen og beredskapen for desse. For å løyse desse oppgåvene må vi vere minimum seks personar, seier Holen. 

Det er flest i avdelinga på Østerbø som vert tekne ut i første omgang, men også nokre i Sløvåg. 

– Så lenge ikkje dette vert vedvarande over lang tid, har vi ein del produksjon som framleis går, men i då i halv fart, seier Holen. 

Problemet for avdelinga på Østerbø, er at den ikkje kan ta inn tilsette som er busette i til dømes Masfjorden fordi dei då kryssar den gamle fylkesgrensa. 

– Produksjonen vert difor halvhjarta, men vi må berre gjere det beste ut av det. Vi er opptekne av å følgje reglane, seier Holen. 

Tek det dag for dag

For avdelinga i Sløvåg går produksjonen betre fordi Gulen kommune ikkje har vedteke restriksjonane for reise til og frå Hordaland. 

– Per i dag er det folk i arbeid i Sløvåg, men det snevrar seg inn der og. Det vert meir og meir reiseforbud rundt om. Vi veit ikkje kva som kjem neste dag, seier Holen.

Han seier at dei tilsette har stor forståing for situasjonen.

– Dette er det ingen som har skuld i eller kan gjere noko med. Vi må følgje det myndigheitene bestemmer, og det er viktig at alle gjer dette for at tiltaka skal fungere, seier den daglege leiaren. 

– Går bra fram til påske

Ifølgje Holen har ikkje verksemda reknar på kor mykje den taper på koronasituasjonen enno. 

– Dersom det vert med desse få vekene her, er det ikkje noko problem. Vi kan halde stand fram mot påske, seier han. 

Skulle EU stengje grensene slik at berre det mest naudsynte av varer kjem gjennom og vareflyten stoppar, vert det verre. 

– Då snakkar vi tap på mange millionar. Men vi er ikkje der enno og vi håpar på det beste, seier Holen. 

Han er glad for dei nye permitteringsreglane som vart innførte i samband med krisa. 

– Vi har heldigvis ei forholdsvis økonomisk sterk verksemd og kan halde det gåande ei stund. Det er mange som har det verre enn oss. Men vi vil også fort kjenne på det om dette dreg seg til, seier han. 

Til toppen