NYTT EVENTYR: 2016 vart ein nedtur for Mahatma Otoo, som aldri greidde å leve opp til den målrike opprykksesongen. No går vegen vidare til Tyrkia for den ghanesiske spissen. Foto: arkiv.
NYTT EVENTYR: 2016 vart ein nedtur for Mahatma Otoo, som aldri greidde å leve opp til den målrike opprykksesongen. No går vegen vidare til Tyrkia for den ghanesiske spissen. Foto: arkiv.

Otoo prøver lukka i tyrkisk fotball

Den tidlegare sogndalsspissen får eit halvt år langt låneopphald i Umraniyespor på nivå to i Tyrkia.

Sogndal: Mahatma Otoo (24) var klubblaus etter at kontrakten med Sogndal gjekk ut ved nyttår. No har han fått ein kortids lånekontrakt i Tyrkia, det melder fleire media.

I 2015-sesongen utgjorde Otoo ein dødeleg spissduo i førstedivisjon saman med Kristian Fardal Opseth. Etter opprykket gjekk det tråare og radarparet vart vraka til fordel for løpsstyrken til Ramsland og Sveen.

No er begge på lån fram til sommaren, Opseth hos Bodø/Glimt på nivå to i Norge, Otoo hos Umraniyespor på nivå to i Tyrkia.

Til toppen