Sløvåg: – Det var ikkje bølgjer eller noko sjø som eg kunne sjå då eg var nede på kaia torsdag kveld. Det var nærast vindstille, men med nokre vindråser. Det verkar som om ferja har for dårleg motorkraft når den skal leggje til. Det skal nesten berre eit vindpust til, så det er svært uføreseieleg. Dersom vi ser ein strek på vindmålaren, veit vi ikkje om ferja går eller ikkje, seier Ivar Eide.

Over 100 ferjeavgangar har blitt kansellerte sidan nyttår, Fjord1: – Ferja har nok kraft
Næringslivet taper pengar og fastbuande irriterer seg over dei stadige kanselleringene på ferjesambandet Leirvåg–Sløvåg. Ifølgje Fjord1 er det utelukkande vêret og ikkje ferja som er problemet.