POPULÆRT: Det er tydeleg at mange likar kombinasjonen kino og frisk luft for heile 1000 personar var innom Snøfilmfestivalen i helga, melder arrangøren. Foto: Jarle Friis/tyinfilefjell.no.
POPULÆRT: Det er tydeleg at mange likar kombinasjonen kino og frisk luft for heile 1000 personar var innom Snøfilmfestivalen i helga, melder arrangøren. Foto: Jarle Friis/tyinfilefjell.no.

Over 1000 besøkte Snøfilm

Snøfilmfestivalen på Tyin-Filefjell vart heftig besøkt. 

Tyin/Filefjell: Det ser ut til at folk likar kombinasjonen gode filmar og frisk luft. I løpet av helga var over 1000 personar innom Snøfilm på Tyin-Filefjell, melder arrangøren.

På Snøfilmfestivalen ser ein kino på eit lerret laga av snø, og kinosetene kan ein forme sjølv i nettopp snø.

Høgdepunktet vart framsyninga av barnefilmen «Alvin og gjengen – I farta», som heile 450 personar fekk med seg. Denne filmen var det også førpremiere på, så den blir ikkje vist andre stader i Noreg før seinare denne månaden.

For eit litt meir vaksent publikum, var Oscar-nominerte «The Revenant» ei heilt spesiell oppleving. I og med at filmen foregår i vinterlege omgjevnader, kunne det ikkje passa betre at filmen vart synt ute i naturen.

– Spesielt kan ein trekkja fram dei flotte villmarksscenene og unik kameraføring og lydspel som blei ytterlegare forsterka av at ein sat ute i snøen i nokre få kuldegrader, seier Magne Grihamar i Tyin/Filefjell Utvikling. 

– Vêret var veldigvis med oss denne gangen, og det var nokon få minusgrader og nesten vindstille gjennom alle forestillingane.

Utanom filmane inviterte Tyin Aktiv til ulike aktivitetar i skisenteret med mellom anna guida toppturar, skredkurs og kitekurs. Og for dei som ville stå på ski, var bakken open til ut på kvelden.

Til toppen