Eat Move Sleep-cupen skal få dei unge i aktivitet og vera meir bevisst på å ete sunnare. Her frå cupen i helga.
Eat Move Sleep-cupen skal få dei unge i aktivitet og vera meir bevisst på å ete sunnare. Her frå cupen i helga. (Bilde: Rune Sjoeberg /Sogndal Fotball)

Over 1000 unge fotballspelarar frå fylket samlast til turnering

Eat Move Sleep-turneringen gjekk av stabelen i Sogndal i helga.

Sogndal: – Det gjekk kjempebra. Det er eit relativt stor arrangement, og det er litt stas å få vera med på noko slik, seier arrangementssjef for Sogndal Fotball Geir Inge Heggestad.

Eat Move Sleep-cupen vart for 12. år på rad arrangert i Sogndal i helga. Cupen, som i år hadde 115 lag påmeld, samla unge fotballspelarar frå heile fylket, men òg tilreisande.

– Invitasjonen går ut til klubbar i heile fylket, og delar av Hordaland. I år hadde me med lag frå andre sida av fjellet, eit lag frå Lillehammer, seier han.

Sogndal bestemde seg for å ha turneringen over to dagar, med tanke på kapasitet på fotballbanar i forhold til kor mange deltakarar dei er. Foto: Rune Sjoeberg/Sogndal Fotball

Mange som søker, ikkje alle får vera med

Eat move sleep-cupen er eit prosjekt frå Noregs Fotballforbund for å få unge til å ete sunt, bevege seg meir, og hugse på at søvn er viktig. Bama er generalsponsor.

– Me frå mykje frukt og grønt frå Bama, og flotte premiar og profileringsutstyr, seier han. 

Cupen foregår over heile landet, men det er berre omlag 40 ambassadørar.

– Det er mange som søker, men ikkje alle kan bli ambassadørar. Det handlar vel blant anna  om at dei ikkje kan sende utstyr rundt til alle, seier han.

Han fortel at dei allereie har søkt om å vera ambassadør til neste år og dei får svar i midten av november.

270 til overnatting

Turneringa er eigentleg ein dagsturnering, men i Sogndal bestemde dei seg for at den skulle gå over heile helga. 

– Me ville ha fleire dagar slik at spelarane skulle få fleire kampar. Og når volumet blir så stort så må me nesten ha to dagar med tanke på kapasitet på fotballbanar, seier han. 

I løpet av dei to dagane er det totalt 260 kampar. Og med to dagar betyr det overnatting og mat. Dei hadde 270 deltakarar som sov i klasserom på Fosshaugane Campus, som òg hadde måltid.

– Me hadde med oss 125 frivillige for å få dette til. Det varierar på deltakarar for kvart år. Men me har lege på 1000-1200 deltakarar. Så logistikken har me litt inne, seier han. 

Til toppen