Hittil i år har 122 personar omkomme i trafikken her i landet. Det er ein auke på nesten 30 prosent samanlikna med same periode i fjor.
I oktober omkom elleve personar på norske vegar, fire fleire enn i oktober i fjor. Blant dei omkomne i oktober i år var det ti menn og éin kvinne. Ingen omkom i Sogn og Fjordane i oktober. På årsbasis har tre omkome i trafikken i fylket i løpet av årets ti første månader. Talet var to på same tidspunkt i fjor, viser tala frå Trygg Trafikk.
– Vi har dessverre lagt bak oss enda ein månad med fleire omkomne i trafikken enn i same periode i fjor. Ved utgangen av oktober i 2015 hadde 94 personar omkomme i trafikken, mens heile 122 har omkomme så langt i år. Vi er urolege over utviklinga, seier direktør Jan Johansen i Trygg Trafikk.
Av erfaring er det utforkøyringar og møteulykker som pregar dei mest alvorlege trafikkulykkene. Trygg Trafikk-direktøren ber folk om å ta det roleg på vegen.
– Vi er inne i ei tid der køyreforholda er svært krevjande. Frost, snø og glatte vegar skaper uføreseielegheit, og køyreforholda kan endre seg veldig gjennom kort tid. Folk bør derfor ta forholdsreglar og sjekke vêr- og føreforholda før dei skal ut på vegane, seier han. (©NPK/Porten.no)