Årdal: Kjell Arvid Heen, leiaren i eldrerådet, var strålande nøgd med at så mange hadde møtt opp i kulturhuset i Øvre Årdal. Det er blitt ein tradisjon å markere Eldredagen, og i år var det å ta steget inn i framtida tema for dagen.
– Årets dag handlar om at me kan leggja betre til rette for bidra frå eldre menneske. Både i familie, nærmiljø og i storsamfunnet kan og vil eldre delta meir, seier Heen.
Sjå bilete frå markeringa i galleriet øvst i artikkelen.

Han viser til ein fersk rapport frå Ny analyse har utarbeidd for Statens seniorråd som syner at bidraga frå eldre til samfunnet er talfesta til rundt 45 000 årsverk.
– I kroner og øre utgjer dette eit verdibidrag til samfunnet på over 25 milliardar i året, legg leiaren til.
Han meiner storsamfunnet framleis har ein veg å gå når det gjeld eldre som ressurs.
– Me har ein veg å gå frå berre å omtala eldre som ein ressurs, til at ein gjennom handling viser at eldre er ein ressurs som har både plikt og rett til å delta i alle aspekt i samfunnet.
Over 150 eldre hadde samla seg i kulturhuset onsdag. Også ordføraren var invitert, og saman fekk dei høyra om industrisoga til Årdal. Jonny Asperheim og Ivar Seim bidrog med musikk, og det same gjorde Helene Myklemyrs trio.
– Det har vore ein heilt nydeleg dag. Det var flott underhaldning og interessant historie om bygda. Eg har budd 56 år i Årdal og berre hatt gode dagar. Her har me alt, seier Helga Søgnen Hestetun.