POPULÆRT: Over 150 personar stod i kø for å få ein seg ein sandwich då Subway opna fredag.
POPULÆRT: Over 150 personar stod i kø for å få ein seg ein sandwich då Subway opna fredag. (Bilde: Privat)

Over 150 personar i kø då Sogningens nyaste restauranttilskot opna

Folk hadde møtt over ein time før opninga av Subway-restauranten. 

Sogndal: Tidlegare denne veka skreiv Porten.no om dei tre entreprenørane som skulle opna ein av dei 45 000 restaurantane Subway har rundt om i verda, i Sogndal.

Fredag var det opning av det nyaste tilskotet på Sogningen, og folk var mildt sagt klar for ein sandwich.

For då dørene opna, hadde folk allereie stått i kø i over time, fortel Joakim Lærum.

Brede Nymark, Endre Holme og Joakim Lærum er godt nøgde med opninga av den nye restauranten.
Brede Nymark, Endre Holme og Joakim Lærum er godt nøgde med opninga av den nye restauranten. Foto: Privat

– Over 150 personar hadde møtt på opninga. Eg er heilt overraska over kor godt den nye restauranten er motteke. Folk stod i over ein time og venta i kø før opninga, seier han.

Ikkje sidan nyopninga i 2012 har det vore så stor oppslutnad rundt ei opning av eit nytt tilskot. 

Senterleiar Wilhelm Tangerud gleda seg over den nye etablering.

– Dette bygger oppunder næringssatsinga i Sogndal og kjem som eit supplement til dei andre gode mattilboda i sentrum, meiner han.

Subway-kjeda opna sin første restaurant i 1965. I dag har hurtigmatkjeda vakse seg så stor at no finst det meir enn 44 000 utsalsstader over heile verda – sist i Sogndal.

Til toppen