NØGDE APOTEKTILSETTE: Rannveig Frydenlund (f.v), Djordje Milanović, Laila Hovland, Silje Andrea Feet, Kari Kirkevold og Anne Karin Heggø. Foto: Ina Eirin Eliassen
NØGDE APOTEKTILSETTE: Rannveig Frydenlund (f.v), Djordje Milanović, Laila Hovland, Silje Andrea Feet, Kari Kirkevold og Anne Karin Heggø. Foto: Ina Eirin Eliassen

Over 170 år med apotekhistorie held fram i nye lokale

Etter fem lange arbeidsdagar for å flytte apoteket over vegen på Lærdalsøyri, dukka tårene opp hos ein av dei tilsette då det nye skiltet på Vitusapotek endeleg kom på plass.

Lærdal: Folk trossa vind og regn for å få med seg og gratulere med nyopninga av Vitusapotek på Lærdalsøyri. I nye og større lokale under helsesenteret, opna dei dørene måndag morgon. 

NY PLASSERING: I større og moderne lokale ligg no apoteket i samme bygg som Lærdal helsesenter. 
NY PLASSERING: I større og moderne lokale ligg no apoteket i samme bygg som Lærdal helsesenter. 

Det bles faktisk så mykje at styrar på Vitusapotek i Lærdal,  Djordje Milanović, ikkje har opplevd liknande på dei åra han har vore i Lærdal. Men sjølv om han var bekymra for at opninga vart på ein dag som dette, var det lite som tyda på at folk heldt seg heime av den grunn. 

Betre for dei tilsette og for kundane

– Eg er veldig nøgd med at me rakk å få på plass alt til opninga, men det har vore nokre lange dagar for å få alt klart. Dette er positive endringar, med større lokale, meir utval av varer og nytt utstyr, seier Milanović.

FEIRING: Sjølsagt var det kake og kaffi på kundane for å feire nyopninga.
FEIRING: Sjølsagt var det kake og kaffi på kundane for å feire nyopninga.

– Eg er heilt overvelda. Flyttinga har gått over all forventing, men me trengte det også. Her er det både betre for oss tilsette og for kundane, seier Anne Karin Heggø, marknadsansvarleg på apoteket. 

Første apoteket på landsbygda

Apoteket på Lærdalsøyri vart starta opp alt i 1843, med då der Lindstrøm Hotell er i dag. Det var det første apoteket i Sogn og Fjordane, og ikkje minst på landsbygda i Noreg. 

Etter den tid har apoteket hatt fleire plasseringar, der det frå 1978 og fram til forrige veke låg i første etasje på rådhuset. 

– Me er stolte over apoteket. Det er ein institusjon i Lærdal, og har også stor betydning for kommunane rundt, fortel Milanović.

VitusApotek i Lærdal forsyner også i dag både Aurland, delar av Luster og Årdal med medisin. 

Til toppen