BUNADSKLEDDE: Bjørg Hovland omgitt av familie og vener, alle i rekonstruerte bunader frå hovudpersonen sjølv.
BUNADSKLEDDE: Bjørg Hovland omgitt av familie og vener, alle i rekonstruerte bunader frå hovudpersonen sjølv. (Foto: Linda Watten)

Over 200 møtte opp i Dale kyrkje for å sjå klesskikken gjennom 200 år

Bjørg og Dagfinn Hovland har kalla arrangementet Livstrappa, og denne kvelden syner dei klede og musikk til livshøgtidene dåp, konfirmasjon og bryllaup.

Luster: – Dette syner arbeidet til mamma gjennom dei siste 40 åra, seier Dagfinn Hovland.

Han er glad for at så mange har møtt opp for å få med seg historien om klesskikk til dei ulike livshøgtidene. 

– Det er fint at me kan kombinera tradisjonen, kunnskapen og musikken her i middelalderkyrkja vår. Her er det mange kulturminne på ein stad, seier han. 

200 år tilbake i tid

Saman med sokneprest Geir Paulsen, musikarane Helene Myklemyr og John Oddvar Kandal, samt songarinne Kari Malmanger, styrer Bjørg Hovland historien til kleda gjennom tidene med ei stødig hand.

Med seg har ho modellar i bunader og klede frå 200 år tilbake i tid. 

– Her får de sjå klede frå 1800-talet i samband med viktige markeringar i livet til folk. Noko vil vera kjent, og noko gløymt. Kyrkja greip sterkt inn i livet til folk og denne tilstelninga er laga for å minna oss på det, seier Hovland. 

Bjørg har rekonstruert bunadane sjølv

Hovland har alltid vore ein sentral person i bunadsmiljøet.

– Bjørg har rekonstruert kvinnebunaden frå Luster som fantest før. Ho har sett på gamle bilete, teikningar, og høyrd folk fortelja om korleis det såg ut for å greia det, fortel Magnhild Feten. 

Ho er ein av dei mange som har møtt opp i kyrkja for å få med seg historien, og har eit godt overblikk frå galleriet. Utanfor står nær 30 personar som ikkje fekk plass.

– Eg trur dette er populært fordi folk er opptekne av tradisjonar, samt at kombinasjonen av song og folk med rekonstruerte bunader fengar folk.

Ho angrar ikkje på at ho tok turen til den 800 år gamle kyrkja denne midtsommarkvelden.

– Det er veldig interessant å sjå tilbake på korleis folk gjorde det når dei gjekk til fest før i tida, og kva dei hadde på seg, seier Feten. 

Dåpen

Fyrst fortel Hovland om dåpen. 

DÅP: Slik var borna som skulle døypast kledd for over hundre år sidan. På hua kunne du sjå om det var gut eller jente. Foto: Linda Watten

– Å kristna barnet var vanleg og det skulle skje så tidleg som råd. Difor er gamle dåpskle små.

Kyrkja var den alle viktigaste møtestaden i ei bygd. 

– Samstundes var kyrkjebakken den viktigaste arenaen for kunngjeringar. Kyrkjekle var det gjevaste folk hadde, og i klesvegen skulle folk syna seg fram. Frå ein var liten lærde dei små at dei måtte vera med i kyrkja, men vegen dit var ofte lang. Mange sovna i kyrkja, fortel Hovland. 

Konfirmasjonen

Konfirmasjonen var òg svært viktig før i tida.

KONFIRMANTAR: Slik var konfirmantane kledd for over 100 år sidan. Foto: Linda Watten

– På konfirmasjonsdagen måtte folk kunna sine vers, viss ikkje måtte dei prøva på nytt året etterpå. Dagen var ein viktig milepæl for etterpå blei du rekna som vaksen, og skulle greia deg sjølv, fortel Hovland, i det bunadskledd ungdom kjem gåande ned midtgongen.

Bryllaupet

Så kom bryllaupet, ein stor dag for mange.

BRYLLAUP: Slik var dei som skulle gifta seg kledd for over hundre år sidan. Foto: Linda Watten

– Å stå brud var å vera dronning for ein dag. Det har alltid vore spesielt å vera krunebrud, og for brura var pynten på hovudet meir enn sjølve kleda. Hendene skulle vera tildekka for slitne arbeidshender skulle skjulast. 

Etter halvanna time gjennom historie og tradisjonar stilte modellane seg opp så alle fekk sjå og studera detaljar på kleda og bunadane deira, til stor jubel frå dei som møtte opp. 

Fekk Kongens fortenestemedalje

HOVUDPERSONEN: Bjørg Hovland med Kongens fortenestemedalje på brystet. Foto: Linda Watten

– For 200 år sidan var det ikkje lov å klappa i kyrkja, men no vil eg på vegne av alle takka for denne førestillinga. Slikt har me ikkje hatt før i kyrkja, så dette var ei heilt spesiell oppleving, sa sokneprest Geir Paulsen mot slutten. 

Det heile enda med at Bjørg Hovland blei overraska med Kongens fortenestemedalje av ordførar Ivar Kvalen.

– Eg er tom for ord, dette sveiv meg ikkje i det heile, sa ei rørt og takksam Hovland etterpå. 

Til toppen