OVER 3000 SÅ LANGT: Målet om å busetje 12.500 flyktningar i 2017 er innan rekkevidde.​ Bilete frå vaksenopplæringa i Lærdal. Illustrasjonsfoto: Truls G. Sylvarnes
OVER 3000 SÅ LANGT: Målet om å busetje 12.500 flyktningar i 2017 er innan rekkevidde.​ Bilete frå vaksenopplæringa i Lærdal. Illustrasjonsfoto: Truls G. Sylvarnes

Over 3.000 flyktningar busette i vinter

3.324 flyktningar blei busette i norske kommunar dei tre første månadene i år. Målet om å busetje 12.500 flyktningar i 2017 er dermed innan rekkevidde.

Sjølv om det var dobbelt så mange busetjingar i januar til mars i rekordåret 2016, vil det likevel vere det nest høgste talet på busette flyktningar på eitt år, opplyser Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

– Norske kommunar har over tid vist stor vilje og evne til å busetje mange flyktningar. Dei held no fram den gode innsatsen sin frå 2016, seier direktør Libe Rieber-Mohn.

Les også: Ønskjer seg folk som kan guida flyktningane

Les også: Får 400 000 ekstra for å ha busett mange flyktningar

Les også: Sirwan kom kjapt ut i full jobb

Direktoratet konstaterer at busetjinga også er blitt meir effektiv: Ventetida frå ein flyktning får vedtak om opphald til vedkommande blir busett i ein kommune, er korta ned. Ved utgangen av mars var den gjennomsnittlege ventetida på 4,5 månader, ein nedgang frå 6,3 månader samanlikna med same periode i fjor.

– Det betyr at flyktningane raskare kan komme i gang med sine nye liv: lære seg norsk, få seg utdanning eller jobb og bli økonomisk sjølvstendige, seier Rieber-Mohn.

168 av flyktningane som blei busette i første kvartal, var einslege mindreårige. Av dei 3.324 busette flyktningane var 2.300 frå Syria, 247 frå Iran, 167 frå Eritrea og 136 frå Afghanistan.

Til toppen