Over 300 deltok på Vettisløpet

Over 300 deltok på Vettisløpet

Dei var ikkje like heldige med vêret, men over 300 deltakarar er godkjent, fortel arrangøren.

300 LØPARAR: Over 300 var påmeldt til Vettisløpet frå Skåri til Vetti og tilbake.
300 LØPARAR: Over 300 var påmeldt til Vettisløpet frå Skåri til Vetti og tilbake.

Terje Solheim, speaker og ein del av arrangementleiinga, konkluderte med at dei var nøgde med dagen trass eit lite innbydande vêr til tider. 

– Det var eit ordinert Vettisløp med over 300 deltakarar. Det var litt færre enn me hadde forventa i konkurranse klassane som var på 42 påmeldte. Me var dessverre ikkje så heldige med været, men alt i alt så var det ein vellykka dag, seier Terje.

Fyrsteplassen hos herrene var Espen Kristiansen frå Gular med 32 min 08 sek og fyrsteplassen hos kvinnene var Guro Langødegård Hoel frå heggedal med 38 min 56 sek.

Dei raskaste av dei lokale løparane var Halvard Seim med tida 34 minutt og 16 sekund som havna på ein god tredjeplass på lista for herrene, Medan Marita Hestetun sprang på 39 min 21 sek og havna på ein andreplass hos kvinnene. 

Vettisløpet er det første av tre løp som inngår i den såkalla HMR-trippelen. Allereie om to veker går det andre løpet, Tangen på kanten, av stabelen før Hydro Rundt avsluttar trippelen i september.

Til toppen