STØTTE: Fleire hundre møtte opp for å vise si støtte til Andrea Voll Voldum i Lærdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STØTTE: Fleire hundre møtte opp for å vise si støtte til Andrea Voll Voldum i Lærdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Over 300 demonstrerte for kvinner sin rettstryggleik

Medan Andrea Voll Voldum (21) deltok på demonstrasjonar i Oslo, møtte hundrevis av sambygdingane hennar opp for å vise støtte i Lærdal.

Lærdal: Torget framføre rådhuset i Lærdal var dekt av menneske som ville vise støtte og demonstrere for kvinner sin rettstryggleik måndag ettermiddag.

Her blei det halde fleire appellar, der ein viste forakt og misnøye mot valdtektsdommen der tre menn gjekk fri trass i at eit fleirtal av dommarane meinte dei var skuldige.

– Denne saka har bevega meg sterkt fordi den kombinerer utryggleik og avmakt for alle unge, og sjølvsagt blir ein spesielt berørt når det er ei jente frå lokalsamfunnet. Eg kjenner ikkje Andrea personleg, men det kunne vore dottera mi, seier Bente Øien Hauge til Porten.no. 

Artikkelen held fram under videoen.

– Vår jenta

Ho var ein av fleire som stod bak organiseringa, og som også heldt appell. Det gjorde også Inger Bakken.

Artikkelen held fram under biletet.

– VÅR JENTA: Inger Bakken held appell framføre rådhuset i Lærdal. – Me vil først og fremst støtte Andrea, ho er vår jenta.
– VÅR JENTA: Inger Bakken held appell framføre rådhuset i Lærdal. – Me vil først og fremst støtte Andrea, ho er vår jenta.

– Me vil først og fremst støtte Andrea, ho er vår jenta. Men det må bli meir openheit rundt at dette ikkje er lov. Me godtek ikkje dette. Politiet må skjerpa seg og ta folk som melder frå om valdtekt meir alvorleg. Ein ser no over heile Noreg at folk ikkje finn seg i dette, seier ho.

Dei tre mennene var tiltalt for å ha dopa ned og valdteke Voldum, som i førre veke stod fram med si historie. Det har sett i gong ei massiv rørsle. Over heile Noreg vart det demonstrert måndag. Voldum deltok sjølv på demonstrasjonen i Oslo.

Moderne mann

Trass i at fleirtalet meinte mennene var skuldig, fekk dei tre likevel sleppe fri. Mindretalet, som bestod av berre lekdommarar, meinte det ikkje er bevist at dei tiltalte forstod at Voldum var i ein slik tilstand at ho ikkje kunne motsette seg dei seksuelle handlingane. 

Artikkelen held fram under biletet.

MYKJE FOLK: Over 300 møtte opp på torget framføre rådhuset i Lærdal.
MYKJE FOLK: Over 300 møtte opp på torget framføre rådhuset i Lærdal.

Ketil Thorbjørnsen snakka om den moderne mannen i sin appell og gav tydeleg uttrykk for at dei tre mennene burde skamme seg, og han forbanna seg over handlingane.

– Det viser at det framleis er ein lang veg att å gå på likestillingsfronten. Ved å setja fokus på den moderne mann, var poenget mitt å seie at menn som gjer slike forferdelege ting, ikkje høyrer heime i dagens samfunn. Det er ein strategi mot det andre kjønn som er utdatert, seier han. 

Har starta noko stort

I slike saker er det ikkje uvanleg at offeret føler på skam. Ved å stå fram med si historie, trur Thorbjørnsen at saka no er allemannseige og dermed er skammen svekka. Øyvind Hamre avslutta sin appell med å seie at Voldum har starta noko ustoppeleg.

Artikkelen held fram under biletet.

STARTA NOKO STORT: Bente Øien Hauge (t.v.) saman med Gunn Beate Sjøthun trur Andrea Voldum har starta noko stort med si historie.
STARTA NOKO STORT: Bente Øien Hauge (t.v.) saman med Gunn Beate Sjøthun trur Andrea Voldum har starta noko stort med si historie.

– Eg har eit indre bilete av Andrea som legg frå seg i kappe av skam og skuld som ofre har båre på i alle på tvers av kultur og tider. Eg tenkjer at dette er starten på noko stort, som me enno ikkje ser slutten på, kommenterer Øien Hauge. 

Til toppen