ENGASJERTE: Lesarane til Porten.no har bidrege med over 3000 bileter til Vekas foto. Takk for engasjementet!
ENGASJERTE: Lesarane til Porten.no har bidrege med over 3000 bileter til Vekas foto. Takk for engasjementet! (Illustrasjon: Instagram)

Over 3000 har bidrege til Vekas foto: - Sjå nokre av dei her!

Den nye spalta Vekas foto har vekka engasjement hjå sogningane.

Indre Sogn: I nokre veker har Porten.no oppmoda lesarar til å senda inn bilete til den nya spalta Vekas foto. Dette har resultert i mange flotte bidrag.

Medan nokre sendte bileta til tips@porten.no, var det andre som nytta #mittporten på Instagram.

I skrivande stund er det publisert 3018 bileter med taggen #mittporten, det tykkjer me er heilt strålande.

Me er særs takksame for engasjementet og ønskjer å visa fram nokre av bileta me har fått inn.

Sjå 10 av dei utvalde nedanfor!

Dette biletet er teke i Årdal. (Foto: @paulafykse)
Villmarksjordbær er det beste eg veit, skriv denne lesaren. (Foto: @intagrof)
Desse tre damene besteig Bøttejuv ein soldag. (Foto: @rigmori)
- Alltid kjekt med denne utsikta, skriv fotograf. Teke frå Skarpenor i Årdal. (Foto: @rigmori)
- Ein litan ettermiddagstur til Kolabotnvatnet for å kjøla seg ned, skriv fotograf. (Foto: @kringlepipen)
-Bjørnaholten ein dag, skriv fotograf. (Foto: @villa_riviera_lene)
Fotograf tok med seg hunden Luna på Storehogen, der ein kan sjå Sogndalsfjøra i bakgrunnen. (Foto: @lindastrikkerier)
Denne lesaren tok seg ein tur i Blåberggruvene i Årdal. (Foto: @siljedamstuen)
- Denna dagen var fin, skriv fotograf. Teke i Fardalselvi. (Foto: @livetebestute)
Denne lesaren var på veg til Tungestølen turisthytte i Luster. (Foto: @hans.smedegard)
Til toppen