SENDTE LIVE: Porten.no sende direkte frå KM i futsal i Årdalshallen denne helga. Tysdag ettermiddag hadde til saman 3000 sett sendingane. Foto: Halvor Farsund Storvik.
SENDTE LIVE: Porten.no sende direkte frå KM i futsal i Årdalshallen denne helga. Tysdag ettermiddag hadde til saman 3000 sett sendingane. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Over 3000 har fått med seg futsalfesten i Årdalshallen

Her får du oversikt over kva lag som gjekk vidare frå indre Sogn. Og du kan sjå kampane om att. 

Årdal: Hundrevis av ivrige ungdommar var i aksjon i heile Sogn denne helga. Porten.no sendte futsalfesten direkte laurdag og søndag. Tysdag ettermiddag har over 3000 sett på sendingane.

Sjå video frå begge dagane nedst i artikkelen. 

– Det er jo fantastisk og viser at interessa er stor. Heile futsal- og innandørs KM-konseptet er blitt veldig populært og er faktisk eitt av det store idrettsarrangementa i fylket faktisk, seier dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane Svein Olav Myklebust. 

– Ein snakkis i spelargruppa

Stadig vekk set dei nye rekordar i tal påmelde lag. Berre i Årdalshallen var det 38 påmelde lag i årsklassane 13 til 16 år på både gute- og jentesida. I samarbeid med IL Jotun og Focus UB sendte Porten.no 29 av kampane frå helga.

Artikkelen held fram under biletet.

– FANTASTISK: Dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane, Svein Olav Myklebust, tykte det var fantastisk at han kunne sitja heime og følgja med på kampane.
– FANTASTISK: Dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane, Svein Olav Myklebust, tykte det var fantastisk at han kunne sitja heime og følgja med på kampane.

– Dette var eit fantastisk bra tiltak og var moro både for dei som deltok og kan sjå seg sjølv seinare på kvelden, men også for dei som ikkje hadde moglegheit til å vera der og kan i staden følgja kampane live, seier Bjørge Kilen, som var trenar for Jotun sitt G13-lag. 

Han hadde sjølv familie som fulgte kampane direkte. 

– Det har vore ein liten snakkis i spelargruppa dette. Det er klart dei gledde seg til dei kom heim og kunne sjå seg sjølv på «TV», som dei sa. Dette har vore ei veldig positiv oppleving for alle og skapar større blest om arrangementet enn me er vande med, legg han til. 

Formidlar kjenslene

Frå morgon til kveld vart kampar sendt, der ein både fekk sjå jubelscener, spennande straffekonkurransar og sjølvsagt skuffa spelarar som såg draumen om avansement gå i knus.

Artikkelen held fram under biletet.

28 VIDARE: Totalt gjekk 28 lag frå indre Sogn vidare til sluttspelet på Sandane den første helga i mars.
28 VIDARE: Totalt gjekk 28 lag frå indre Sogn vidare til sluttspelet på Sandane den første helga i mars.

– Porten.no skal vera der det skjer når det skjer. Levande bilete er den beste måten å formidla alle desse kjenslene på. Eg hugsar sjølv frå då eg deltok på KM for 10-12 år sidan, og eg kan berre innbille meg kor kult dette sikkert er for spelarane. KM betyr mykje, og det at me kan vere med og formidle alle desse kjenslene blant unge utøvarar er noko me helst gjer kvar helg, seier ansvarleg redaktør Truls Grane Sylvarnes.

Frå indre Sogn var det 28 lag som kvalifiserte seg til sluttspelet på Sandane den første helga i mars. 

Desse gjekk vidare

Gutar 13

Jotun, Sogndal, Syril

Gutar 14

Jotun, Lærdal, Sogndal

Gutar 15

Jotun, Lærdal, Sogndal

Gutar 16

Jotun, Sogndal, Syril

Junior menn

Årdal

Jenter 13

Hafslo, Kaupanger, Lærdal, Syril

Jenter 14

Hafslo, Kaupanger, Årdalstangen

Jenter 15

Hafslo/Bjørn, Jotun, Sogndal

Jenter 16

Jotun, Kaupanger, Syril

Junior damer

Jotun, Kaupanger

Sjå kampane frå laurdagen her

Sjå kampane frå søndagen her

Til toppen