BREI HØYRING: Over 500 har fått sagt sitt om kva som skal vere viktig å satse på innanfor næringsutvikling i Årdal. Aldri har ein gått så breitt ut. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
BREI HØYRING: Over 500 har fått sagt sitt om kva som skal vere viktig å satse på innanfor næringsutvikling i Årdal. Aldri har ein gått så breitt ut. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 

Over 500 har sagt sitt om planane for næringslivet

Og planane får ros hjå politikarane. 

Årdal: Aldri har ein gått så breitt ut for å finne ut kva som er viktig for folk når framtidas næringsplanar skulle formast. 

Gjennom heile året har det vore fleire høyringsmøte, der lag, organisasjonar, bedrifter og generelt nysgjerrige har kome med innspel. Metoden som er nytta for innsamling heiter 10-punktsmodellen, som er ein godt dokumentert metodikk for strategiutvikling.

Terje Laberg i Årdal Utvikling trur ikkje det er nytta ein slik omfattande metodikk i verken strategisk næringsplan eller andre kommuneplanar i Årdal eller elles i Sogn og Fjordane-kommunar.

– Dei fleste kommunar har ikkje slike prosessar i det heile. Metodikken legg opp til omfattande mobilisering. God planlegging er å få mange involvert i prosessen. Dette sikrar at planane får god forankring og at dei gir eit strategisk svar på der brukarane oppfattar som sine utfordringar, forklarar Laberg. 

Utfordring med kvinneyrke

Og planen vert godt motteken hjå dei som skal eige og følgje han opp. Hilmar Høl (Ap) registrerer at Årdal er blitt meir populær som arbeidskommune enn ein plass å bu.

– Unge menneske vil bu sentralt, så det er ei utfordring å få lagt til rette for dette både i Øvre Årdal og på Årdalstangen. Den største utfordringa me har er at halvparten av jentene mellom 19 og 24 år reiser frå bygda, der dei fleste ikkje kjem att. 

Sidan jenter i stor grad tek utdanning innanfor helse, sal- og service og kreative yrke, er dette noko ein må leggje til rette for. I dag er 250 arbeidsplassar innanfor handel, og Høl meiner at ved å demme opp for handelslekkasjen, burde ein klare å skape 50 til.

Dette skal Årdal Utvikling satse på

Trude Klingenberg kommenterte også planen i kommunestyremøtet torsdag. Brei høyring, folkemøte og arbeidsmøte, var noko ho understreka som positivt.

– Dette ser Senterpartiet positivt på. Me er nøgd med punkta som Årdal Utvikling skal spissa arbeidet mot, og som vil vera med og utvikla Årdal i ei positiv retning.

Dei fem punkta er:

  1. Lønsame arbeidsplassar
  2. Kompetanseutvikling og innovasjon
  3. Reiseliv
  4. Helse
  5. Eitt samfunn

Heve seg over krangling

Det siste punktet hadde Høl nokre tankar om. 

– Kor mykje lever bygdedyra i oss når me snakkar om næring og kor ting skal liggja? Det er iallfall sikkert at me som politikarar må heva oss over det. Då treng me alle krefter, gode initiativtakarar, og me må reklamera positivt for Årdal dersom me skal få til tilflytting. Me har moglegheiter no viss rette prosjekta går inn.

Han vektla også at næringslivet sjølv har gitt eit positivt og konstruktivt høyringsinnspel gjennom Årdal Næringssamskipnad. 

Organisasjonsform

Også kontrollutvalet i kommunen gav innspel til planen. Tidlegare har det vore drøfta om stifting er den rette organisasjonsforma for Årdal Utvikling fordi dette gir lite innsyn.

«Kontrollutvalet merker seg anbefalinga om at organiseringa av næringsutviklingsarbeidet bør skyvast til 2018/2019, med implementering innan 2020.»

«For at kontrollutvalet skal kunne føre kontroll og tilsyn med kommunens forvaltning og økonomi vert det på ny påpeika at stifting er den organisasjonsforma som gir minst moglegheit for innsyn og direkte politisk styring og kontroll,» heiter det i høyringssvaret frå kontrollutvalet. 

Til toppen