HARASTØLEN: Det gamle sanatoriet skal etter planen opna som hotell i 2020.
HARASTØLEN: Det gamle sanatoriet skal etter planen opna som hotell i 2020. (Foto: Linda Watten)

Over 500 vil førehandskjøpa rom på Harastølen Hotell

Ein Facebookpost frå investorane bak Harastølen Hotell har skapt stort engasjement blant publikum.

Luster: – Eg vil gjerne førehandskjøpa eit rom på Harastølen Hotell fordi eg trur det blir veldig flott der, seier Alma Pidic Fåberg, frå Luster. 

Ho er ei av over 500 som har skrive at dei gjerne vil førehandskjøpa eit rom på planlagde Harastølen Hotell, etter at investorane la ut eit innlegg på Facebook-sida si.

Vanleg å selja produktet i forkant 

– Me ville sjekka om det var interesse for å kjøpa ei overnatting på Harastølen Hotell på førehand. Det er ei lita undersøking som kanskje kan bli ein realitet når me er i gong, seier investor Terje Svindland. 

Han peikar på at dette er ein normal forretningsidè blant fleire bedrifter.

GOD RESPONS: Innlegget til "Harastølen Hotell" på Facebook har fått over 500 kommentarar, og 55 delingar. Foto: Skjermdump/Facebook

– Dette er normalt mange andre stader. I forkant sel ein produktet sitt slik at folk kan førehandskjøpa, og så får selskapet inntekta som ein del av finansieringa si.

Dermed kan kanskje 500 engasjerte folk få ei overnatting på Harastølen i framtida.

– Viss me får fullfinansiert prosjektet vil me finansiera vidare på drifta, og deretter ordna til rom for dei som vil kjøpa hjå oss i forkant, seier Svindland.

Harastølen var fyrste heimen til Fåberg

Alma Pidic Fåberg er positiv til å kjøpa ei hotellovernatting på Harastølen Hotell av fleire grunnar.

– Eg ville òg gjort det for å minnast tida då eg sjølv budde der.

Harastølen blei hennar fyrste møte med Noreg då ho kom hit i 1992 grunna krigen i heimlandet Bosnia. 

– Eg kom til Harastølen i desember, og budde der fram til mai 1994. 

Har trua på at det kan bli til hotell

SYSTRE: Alma (til høgre) og systera Maida, med Harastølen i bakgrunn. Foto: Privat

Fåberg budde på Harastølen, som då var asylmottak, saman med 299 andre flyktningar frå Bosnia. 

– På den tida var Harastølen veldig fint, og for oss som kom dit var det som å bu på eit hotell.

No er ho spent på om planane om hotell kan bli realisert.

– Eg har trua, og ikkje minst eit håp om at dette skal bli noko av. Det er positivt både for bygda og kommunen. 

Ho er ikkje i tvil om kven ho ville invitert med seg på Harastølen Hotell.

– Eg ville teke med meg nokre vener som budde der oppe med meg før. 

Investor: – Me har fortsatt trua på dette 

Investor Svindland er nøgd med responsen på Facebook-innlegget.

– Det har vore veldig god respons. Me har dryge 2000 følgjarar på vår Facebook-side, og 500 av dei har vore positive til førehandskjøp. Det er kjekt at òg dei lokale vil bu der ei natt, seier han.

No går han ei travel tid i møte med å fullføra finansieringa rundt hotellplanane.

– Me kjem til å gjera ein del på bygget no i september, så vil tida vise kor fort dei siste brikkene kjem på plass.

Til toppen