Sogndal: – Eg synest dette er eit flott tiltak. Desse gåvene blir henta av foreininga Jul for alle Sogn og Fjordane i morgon, seier hotelldirektør, Jørgen Christian Lindstrøm.

Over 600 gåver blei lagt under det einsame juletreet: – Sogningane er gåvmilde
I dag skal dei hentast; gåvene som har hopa seg opp under juletreet på Quality Hotel Sogndal. Heile 612 gåver har sogningane gjeve til dei som elles kanskje ikkje hadde fått så mange gåver til jul.