Over hundre deltakarar i skisporet

116 born og unge gav alt under SFF-cupen på Seimsåsen laurdag.

Årdal: Vêromslaget i helga hadde lite å sei for skicupen på Seimsåsen laurdag. Med nullføre og over hundre deltakarar med sine familiar til stades, låg alt til rette for ein flott dag i snøen. 

Sjå biletegalleri øvst i saka.

– Dagen var veldig vellukka, og samarbeidet med Jotun IL gjorde at me fekk til ein god arrangementstab, fortel rennleiar Terje Solheim etter skirennet. 

Unge skientusiastar

Dei 116 deltakarane var delt inn i 19 aldersklassar, og born heilt ned i barnehagealder synte ivrig fram skikunnskapane sine. 

Den offisielle resultatlista finn du HER.

Åtteåringane Anne Skjelbreidalen og Ingrid Nes tok seg ein pause under oppvarminga for å slå av ein prat. 

Artikkelen held fram under biletet.

SPENTE: Åtteåringane Anne Skjelbreidalen (t.v) og Ingrid Nes gler seg til å gå skirennet, men dei var litt nervøse også.
SPENTE: Åtteåringane Anne Skjelbreidalen (t.v) og Ingrid Nes gler seg til å gå skirennet, men dei var litt nervøse også.

Brukar de ein viss teknikk når de går på ski?

– Skøyting, seier Ingrid utan å nøle.

Anne tykkjer det er best med klassisk, og det levnar ingen tvil om at dei begge kan

å gå på ski. Kvar tirsdag deltek dei på skitrening på Seimsåsen, som er i regi av Årdalstangen Idrettslag. 

Dei gleda seg veldig til å gå den to kilometer lange løypa under SFF-cupen, men jentene er også klare på at dei gjer dette for å ha det moro. 

– Det er om å gjera å ha det gøy, seier Ingrid.

 

 

Til toppen