KARAKTERAR: Publikum som har sett palmerevyen frå Lærdalskompaniet før vil nok kjenna att ein del av karakterane i årets versjon; her er Ragnar Sanden (t.v.) og Magne Grøttebø i kjend stil. Pressefoto
KARAKTERAR: Publikum som har sett palmerevyen frå Lærdalskompaniet før vil nok kjenna att ein del av karakterane i årets versjon; her er Ragnar Sanden (t.v.) og Magne Grøttebø i kjend stil. Pressefoto

Over påske kjem dei til Årdal

Lærdalskompaniet sin påskerevy «Tidlaust» gjekk så bra i heimbygda at karane tek turen over kommunegrensa neste onsdag.

Årdal: – Etter framsyningane i Lærdal fekk me ein del spørsmål om me kjem innover, så då gjer me det. Me har vore i Årdal med revyen mange gonger før; årdølene er eit publikum som tek imot oss på ein veldig god måte, seier Steinar Kvigne.

Fredag og laurdag i palmehelga gjekk revyen «Tidlaust» for nesten fulle hus i Lærdal; Lærdalskompaniet samla rundt 500 publikummarar over fire framsyningar.

Les også: «Tidlaust» i Lærdal

– Det er me voldsamt godt nøgde med, og me fekk gode tilbakemeldingar på innhaldet. At folk framleis kjem og høyrer på no når me har drive med dette i ganske mange år tykkjer me er kjekt – det er jo difor me gjer dette, seier Kvigne.

Meir musikk enn før

Saman med Tom Karlsrud, Ragnar Sanden, Magne Grøttebø, Kristen Olav Grøttebø og Gudmund Bolstad Skjær utgjer han Lærdalskompaniet.

Om innhaldet i revyen sa Kristen Olav Grøttebø følgjande før premieren i Lærdal:

– Publikum vil nok kjenne att måten revyen er bygd opp på. Mykje er smidd over same lest, men me har i år valt å bruke fleire musikkinnslag enn tidlegare.

Framsyninga i Årdal går av stabelen i Kulturhuset i Øvre klokka 18 onsdag 19. april. Førehandssal av billettar på Tangen Sport og Veekiosken.

Til toppen