SEL VERKSEMDA: Frå ingenting har Odd Tufte og Johnny Tverberg bygd opp ei millionbedrift på Kaupanger.
SEL VERKSEMDA: Frå ingenting har Odd Tufte og Johnny Tverberg bygd opp ei millionbedrift på Kaupanger. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Etter tretti år sel Jatak-gründarane selskapet dei har bygd opp

Jatak på Kaupanger har hatt ein eventyrleg vekst sidan starten. No har eigarane selt livsverket til Askim-bedrifta Are Treindustrier.

Kaupanger: Likevel er ikkje duoen bak vemodige.

– Nei, tvert imot. Me gjer det her fordi me vil at selskapet skal utvikla seg, og for å sikra arbeidsplassane. Det er så store endringar i bransjen om dagane, at me treng nokon som har kompetanse og kapital til å ta det her vidare, seier Odd Tufte, som no har selt seg ut.

Johnny Tverberg vil framleis ha 10 prosent av aksjane i Jatak Kaupanger. Dei tilsette vart informerte om oppkjøpet på eit allmøte onsdag.

Har blitt millionbutikk

Tufte og Tverberg starta forgjengaren til Jatak Kaupanger i 1985. Dei var blant initiativtakarane då den landsdekkande Jatak-kjeda vart starta opp i 2006.

Jatak Kaupanger produserer takstolar og ferdige element til hus, hytter og næringsbygg. Ifølgje Proff.no har selskapet 73 tilsette. Frå 2011 til 2017 meir enn dobla dei omsetninga til 111 millionar kroner. Overskotet i fjor var på 5,7 millionar.

– Are Treindustrier vil sørga for at kompetansen og erfaringa som er etablert og utvikla i Jatak Kaupanger gjennom tidligare eigarskap vil bli vidareført, og at det innovative miljøet på Kaupanger blir tilført naudsynt handlingsrom til å halda fram satsinga på industriell produksjon, skriv selskapet i ei pressemelding. 

Leigeavtale sikrar arbeidsplassar

Det er driftsselskapet som blir seld, medan eigedomsselskapet blir verande på lokale hender. Det betyr at arbeidsplassane på Kaupanger er sikra, i allefall for dei neste 20 åra, så lenge leigeavtalen rekk.

– Me gler oss til å få ta del i den vidare utviklinga av Jatak Kaupanger, saman med medarbeidarane og den lokale leiinga, og samtidig sørga for at Jatak-gruppa totalt er leiande i Norge innanfor våre produktområde, seier administrerande direktør Ole Kristian Lund i Jatak.

Are Treindustrier vil formelt overta Jatak Kaupanger i desember i år. Det går ikkje fram av pressemeldinga kva kjøpesummen er.

Til toppen