ETTERTRAKTA: Totalt 1873 personar har så langt fått tilbod om studieplass i Sogndal. Det er 210 fleire enn i fjor. 
ETTERTRAKTA: Totalt 1873 personar har så langt fått tilbod om studieplass i Sogndal. Det er 210 fleire enn i fjor.  (Foto: Høgskulen på Vestlandet / Arkiv)

Koronaboom: Over tusen i kø for å studera desse faga

Prorektoren trur koronaepidemien har ført til auka interesse for omsorgsfag, noko søkartala til Høgskulen stadfester.

Sogndal: Fredag vart opptakstala til høgare utdanning klare, og tendensen er tydeleg: helse- og sosialfag er i skotet som aldri før.

I Sogndal står 476 søkarar på ventelista for å studera vernepleie, 403 ventar i spaning for å finna ut om dei kjem inn på studiet sosialt arbeid, medan nesten 400 står i kø for å studera barnevern.

Prorektoren trur koronaepidemien har ført til auka interesse for helsefaga, og dermed forklarer mykje av veksten.  

Topp 10 ventelister ved HVL i 2020

1. Sjukepleie Bergen (1525)
2. Fysioterapi Bergen (1289)
3. Økonomi og administrasjon, Bergen (1013)
4. Sosialt arbeid, Bergen (1003)
5. Vernepleie, Bergen (878)
6. Vernepleie, Sogndal (476)
7. Radiografi, Bergen (472)
8. Ergoterapi, Bergen (447)
9. Sosialt arbeid, Sogndal (403)
10. Barnevern, Sogndal (397)

– Me fekk ekstra studieplassar av regjeringa i vår, og har gitt fleire tilbod. Likevel er interessa så stor at me har ingen ledige studieplassar ved nokre av helse- og sosialfagutdanningane våre, seier prorektor for utdanning Bjørg Kristin Selvik ved HVL.

1873 personar har fått studieplass i Sogndal

Totalt har 1873 personar så langt fått tilbod om studieplass i Sogndal. Det er 210 fleire enn i fjor.

Auken i talet søkarar som har Sogndal på førsteplass er 12,6 prosent. 

Sjølv søkartala er gode og det er konkurranse om studieplassane, er det nokre utdanningsområde dei gjerne skulle hatt fleire søkarar på. På grunnskulelærarutdanninga for femte til tidande trinn har det vore ein nedgang i interessa.

– Me skulle gjerne sett at fleire søkte seg til lærarutdanningane, óg i Sogndal. Kommunane treng mange tusen dyktige lærarar i åra som kjem, så her må me jobba saman for å få fleire til å velja dette spanande yrket, seier Selvik.

No ser ho fram til å ta i mot flere tusen nye studentar i august.

Me skal gjera vårt beste for å gi alle ein fin studiestart og ei god studietid hos oss.

FORNØGD MED SØKARTALA: Prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik. Foto: Høgskulen på Vestlandet
Til toppen