KOMPETANSEMILJØ: – Vi har tru på at det finst gode kompetansemiljø rundt i landet, og vil bruke statlege arbeidsplassar for å styrke desse. Skal vi trygge velferda framover, må vi bruke kloke hovud i heile landet, seier leiar i kommunalkomiteen Helge André Njåstad (Frp).
KOMPETANSEMILJØ: – Vi har tru på at det finst gode kompetansemiljø rundt i landet, og vil bruke statlege arbeidsplassar for å styrke desse. Skal vi trygge velferda framover, må vi bruke kloke hovud i heile landet, seier leiar i kommunalkomiteen Helge André Njåstad (Frp).

Over tusen statlege arbeidsplassar kan bli flytta ut i distrikta

Høgre, Frp og Venstre vurderer å flytte inntil 1.200 arbeidsplassar og omtrent 600 studieplassar ut av Oslo. 

  • Endret

– Sjølv om vi ikkje skal flytte alle desse, er det eit betydeleg omfang av oppgåver vi no vurderer å flytte ut av Oslo, heiter det i ei pressemelding frå regjeringspartia og Venstre om planen for å lokalisere statlege arbeidsplassar i heile landet.

Dei nye årsverka og studieplassane kjem i tillegg til dei 630 som partia allereie har vedtatt å flytte ut, eller lokalisere utanfor Oslo.

Planen som vart presentert av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) i Oslo torsdag, beskriv også konkrete planar for å vurdere ytterlegare etablering av statleg verksemd i heile landet. Dette omfattar blant anna oppgåver innanfor kunnskapsforvaltning, landbruksforvaltning, investeringar i grøn teknologi og administrative tenester.

Språkrådet, Fredskorpset og Likestillings- og diskrimineringsombodet er blant dei verksemdene som skal vurderast lokalisert utanfor Oslo. Justis- og beredskapsdepartementet skal også setje i gang ei utgreiing av å omlokalisere Politihøgskolens verksemd i Oslo.

– Denne planen vil skape nye moglegheiter for folk og lokalsamfunn, og bidra til vekst og utvikling både i byar og distrikt, seier kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

Planen for statlege arbeidsplassar er eit samarbeid mellom regjeringspartia og Venstre i Stortinget etter ein avtale i fjor vår.

– Utflytting av statlege arbeidsplassar vil vere ei vitamininnsprøyting for Distrikts-Noreg. Gjennom framtidsretta distriktspolitikk gir vi våre barn og barnebarn fridomen til å kunne bu og jobbe i alle landsdelar, seier Venstres kommunalpolitiske talsperson André Skjelstad.

Så langt i denne regjeringsperioden er det vedtatt å flytte ut eller etablere om lag 630 statlege arbeidsplassar utanfor Oslo.

– Vi har tru på at det finst gode kompetansemiljø rundt i landet, og vil bruke statlege arbeidsplassar for å styrke desse. Skal vi trygge velferda framover, må vi bruke kloke hovud i heile landet, seier leiar i kommunalkomiteen Helge André Njåstad (Frp).

Til toppen