ETABLERT MOTTAK: Vidare drift av overgrepsmottaket i Førde er etablert. Foto: Arild Finne Nybø/Flickr. 
ETABLERT MOTTAK: Vidare drift av overgrepsmottaket i Førde er etablert. Foto: Arild Finne Nybø/Flickr. 

Overgrepsmottaket er etablert

Sidan september har overgrepsmottaket i fylket vore etablert. 

Førde: Mottaket er for dei som har vore utsett for seksuelle overgrep eller vald i nærerelasjonar og er lokalisert på sjukehuset i Førde med sjukepleiarar og legar i vaktberedskap. 

Det er Helse Førde og Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevaktsamarbeid som har inngått ein avtale om vidare drift av overgrepssmottaket. Alle kommunane i fylket deltek med unntak av seks.

Ein av desse er Aurland, som deltek for saker med vald i nære relasjonar, medan seksuelle overgrep-saker går til Hordaland.

– Overgrepsmottaket vil understreke at teieplikta er gjeldande for dei som tek kontakt. Det er den overgrepsutsette sjølv som vel om saka skal meldast eller ikkje. Dette er viktig for dei overgrepsutsette å kjenne til. På overgrepsmottaket vert det gjeve behandling med omsyn til infeksjonsrisiko, uønskt graviditet og eventuelle fysiske skadar, skriv fylkesmannen på si nettside.

Ved mottaket vert dei sette i kontakt med dei delane av hjelpeapparatet som kan vere viktige for å kome seg vidare i livet. Dei får tilbod om gratis bistandsadvokat og historia og rettsmedisinske spor vert dokumentert på ein måte som held i rettssystemet. 

– Dette gjer det langt enklare for dei overgrepsutsette, dersom dei i etterkant vel å melde saka, og sikrar deira rettstryggleik i tillegg til den medisinske behandlinga.

Til toppen