FEKK HEIDERPRIS: Geir Berge Øverland blei tildelt ein heiderspris for sitt gode og uthaldande arbeid gjennom mange år. Foto: Privat.
FEKK HEIDERPRIS: Geir Berge Øverland blei tildelt ein heiderspris for sitt gode og uthaldande arbeid gjennom mange år. Foto: Privat.

Øverland fekk heiderspris

Den erfarne urologen Geir Berge Øverland blei heidra med pris for sitt gode og uthaldande arbeid på årsmøtet til Legeforeininga i fylket.

  • Endret

Overlege i urologi ved Lærdal sjukehus, Geir Berge Øverland, blei i helga tildelt heiderspris for sitt gode og uthaldande arbeid gjennom mange år.

Det var Sogn og Fjordane legeforeining som tildelte Øverland prisen på årsmøtet på Loen. Dei roste han for hans lange virke som kirurg og urolog i fylket.

Stort fagleg ansvar

I ei pressemelding skriv styret i legeforeininga at dei har lagt vekt på at han gjennom alle desse arbeidsåra, med eit tungt og til dels einsamt fagleg ansvar, alltid har hatt gode relasjonar til pasientar og kollegaer. 

Forutan arbeidet som lege har han teke på seg ulike verv og er no varaordførar i Lærdal kommune.

Øverland har i mange år arbeida både på Lærdal sjukehus og ved Førde sentralsjukehus. 

Heidersteikn

Heidersteiknet blei oppretta i 2000 og skal vere ein honnør for den særlege innsatsen som Øverland har gjort over tid.

Utmerkinga er eit sølvsmykke, som liknar på ein del av seletøyet til fjordhesten.

Det har fått namnet «Selepinnen» og skal symbolisere hesten sitt kjenneteikn med å vera ein tolmodig slitar med eit godt lynne og trivast godt i motbakke.

Leiv Erik Husabø, som er leiar i Legeforeninga, rosa Øverland for sitt lange virke i fylket som kirurg og urolog. I tillegg har han vore tillitsvald sidan 1982 og sit i styret i Helse Førde som

Til toppen