Arkivfoto: Andreas Aannevik
Arkivfoto: Andreas Aannevik

Overlegen seier for Kaupangerdamene

Det vart rein målfest for Kaupangerdamene under laurdagens kamp mot Staal Jørpeland.

Kaupangerdamene sparte ikkje på kruttet då dei møtte Staal Jørpeland denne laurdagen.

Silje Torvanger scora det første målet for damene, og i 1. omgang hadde dei mange gode sjansar som ikkje traff nettet.

Stillinga blei dermed ståande 1-0 til pause. 

Målfest

I 2. omgang fekk Kaupangerdamene kontroll på sjansane og banka inn heile 11 mål. 

Trenar for Kaupanger, Øystein Lindesteg Rinde, seier han er godt nøgd med gjennomføringa til jentene, sjølv om dei kunne ha sett inn fleire av sjansane i første omgang. 

Kaupanger - Staal Jørpeland 12-0

 

1-0 Silje Torvanger


2-0 Miriam Vilnes Mjåseth
3-0 Tea Berteig
4-0 Miriam Vilnes Mjåseth
5-0 Miriam Vilnes Mjåseth
6-0 Silje Torvanger
7-0 Åshild Haugen
8-0 Ylinn Tennebø
9-0 Ylinn Tennebø
10-0 Silje Torvanger
11-0 Rebekka Skaasheim
12-0 Silje Torvanger

 

 

 

 

 

 

Til toppen