OVERLEGEN: I siste kampen før juleferien var det ingen tvil om kven som var sterkast då Sogndal 2 møtte Jotun.
OVERLEGEN: I siste kampen før juleferien var det ingen tvil om kven som var sterkast då Sogndal 2 møtte Jotun. (Bilde: Youri van der Werve)

Overlegen siger til Jotun

Eit ungt Sogndal 2 måtte sjå seg slått av eit rutinert Jotun lag.

Sogndal 2 - Jotun 18 - 28

– Det er ein overlegen siger til Jotun, men med tanke på det laget vi har med i dag er  eg kjempe fornøgd med innsatsen, seier trenar Ole Kristian Gjerdstad etter kampen.

Sånn det skal vere

Til pause leia Jotun med fem mål og då kampen var ferdig viste måltavla ti mål i forskjell.

– Vi held oss greitt inn i kampen og eg synes at avstanden ikkje er så store heller. At det blir 10 mål forskjell er sånn det skal vere og vi er ikkje noko å gå i grava for, seier Gjerdstad.

– Fleire av spelarane vi møtte i dag har spelt i 1. divisjon og har vore med i gamet ein stund. I dag hadde vi med oss mange unge jenter og då blir forskjellen i erfaringsgrunnlaget stort. Vi satt oss litt enkle mål undervegs i kampen og dei klarer vi bra.

Mange på skåringslista

Sogndal fekk mange namn på skåringslista under kampen.

– Det er morro at så mange skårer mål i dag. Det viser at vi er flinke til å komme til moglegheiter overalt. Det er ikkje ein ting vi er gode på heile tida, seier Gjerdstad.

Kasta bort mange angrep

Sjølv om mange av jentene skåra under kampen gjekk óg mange av ballane utanfor målet til Jotun.

– Vi får litt høge skuldrar. Vi veit vi møter på god motstand og det viser seg litt i den trygheita vi skaper når vi sender pasningar. Hadde vi ikkje kasta bort så mange angrep hadde det sikkert sett betre ut på måltavla, seier Gjerdstad som no kan ta juleferie før laget møter Florø etter nyttår. 

Til toppen