OVERRASKA: Eva Weel Skram tek overraska imot beviset på at ho er kåra til årets artist i fylket for tredje gong. Foto: pressefoto.
OVERRASKA: Eva Weel Skram tek overraska imot beviset på at ho er kåra til årets artist i fylket for tredje gong. Foto: pressefoto.

Overraska Eva stakk av med Luttprisen

Kåra til årets artist i Sogn og Fjordane i 2016.

Sogndal: Eva Weel Skram vart i dag historisk då ho for tredje gong henta heim Luttprisen, NRK Sogn og Fjordane si årlege kåring av fylkets beste artist. Vinnaren er valt på bakgrunn av publikumsrøyster og ein fagjury, medan prisen er ein kunstdiplom og eit stipend på 25.000 kroner.

– No blei eg veldig veldig overraska og utruleg glad. Eg kjenner meg djupt takknemmeleg over å få ei slik annerkjenning, etter det som har vore det mest hektiske, men og det mest fantastiske året eg nokosinne har hatt, seier Eva Weel Skram i ei pressemelding.

Les også: Låten hennar kan bli ein del av nordmenns juletradisjon
Les også: Eva skal underhalde på sjukehuset​

Saman med ektemannen Thomas har artisten frå Sogndal hatt eit eventyrleg år. Som nybakt mamma starta ho 2016 som deltakar i TV2-programmet Hver gang vi møtes, der ho framførte fleire sjølvskrivne tekstar på både dialekt og nynorsk. 

Det heile vart toppa av to konsertar i Den Norske Opera, før året vart avrunda med at Eva signerte tittellåta til årets julekalender på NRK. 

Juryen trekk fram bruken av nynorsk som eit ekstra pluss frå sist Eva fekk Luttprisen.

Til toppen