Overraska med lokal humoristisk vinkling

Publikum lo og turka tårer da komikar Rune Andersen sette i gong lattermaskina i det store partyteltet i sentrum i Øvre Årdal. Politisk satire, musikalske parodiar og ny tekst krydra med lokale spark til Årdalssamfunnet gjorde at ein ikkje ville gå glipp av eit einaste humoristisk sekund.

Sjå fotogalleri øvst i saka, bla med pilene

Rundt 300 personar møtte fram i lattermildt humør for å ta del i humorkvelden på Torget fredag kveld. 

FULL AV SJØLVIRONI: Vidar Hodnekvam gjorde stor suksess med sin sjølvironi og "på kanten"-humor.
FULL AV SJØLVIRONI: Vidar Hodnekvam gjorde stor suksess med sin sjølvironi og "på kanten"-humor.

Verdas mest ukjende komikar

Først ut var standup-komikar og "stril", Vidar Hodnekvam, som opna med følgjande replikk:

- Eg er sikkert verdas mest ukjende standup-komikar, og det er ikkje akkurat nokon lett situasjon å vera i. Det finst ikkje èin einaste fordel med dette, sa han, full av sjølvironi og "på kanten-humor" heile vegen, og latterbrøla runga frå første til siste setning. 

ANDERSEN SOM TV-KOKK: Rune Andersen parodierte TV-kjendis Eivind Hellstrøm
ANDERSEN SOM TV-KOKK: Rune Andersen parodierte TV-kjendis Eivind Hellstrøm

Oppdatert lokalkunnskap

Rune Andersen ankom teltet som TV-kokken Eivind Hellstrøm, og heldt showet vidare blant anna med personar som Hans Wilhelm Steinfeldt, Åge Hareide, Ari Behn, Erna Solberg, Jens Stoltenberg, Ole Paus og "HANS" Majestet, heile tida med oppdatert lokalkunnskap frå Årdal. Andersen imponerte med lokale namn på både personar, næringsliv, arrangement, idrett og politikk.

Sørlendingen takka av dei første klappsalvene med: - Tusen takk! Det er ein stor økonomisk fornøyelse å vere her, særleg i den desidert mest gjeldstynga Robek-kommunen i heile landet, flirte han. 

Og sidan kom det stadige hint om at "det burde vera to av alt" i Årdal kommune, som "eigentleg" består av Øvre Årdal og Årdalstangen, eller om kven som burde spela kvar på Årdal FK, om det eigentleg er bra at porten.no berre finst på internett, og om kva øltype som er best på Tya Bryggeri. Blant anna.

LOKALKUNNSKAP: Andersen fletta inn sleivspark om tilhøva i Årdal, og levde seg til grader inn i dei ulike parodiane sine
LOKALKUNNSKAP: Andersen fletta inn sleivspark om tilhøva i Årdal, og levde seg til grader inn i dei ulike parodiane sine

Fleire veker førebuing

- Det ligg mykje meir arbeid bak eit slikt show enn mange trur, seier ein letta Rune Andersen til porten.no etter ferdig økt.

Han fortel at saman med eigne tekstforfattarar, har dei brukt fleire veker på å førebu denne kvelden, og at det er eit stort apparat rundt han.

- For meg er dette ein vanleg arbeidssituasjon. Sjølve jobben blir gjort i forkant, me kontaktar lokalkjende dit me skal for å få informasjon, og flettar det inn i framføringa, seier han, og presiserer at det viktig å fornya seg i ein slik bransje.

GODT NØGDE ETTER SHOWET: Rune Andersen og Vidar Hodnekvam fortel til porten.no at dei er strålande nøgde etter vel gjennomført kveld i Øvre Årdal fredag.
GODT NØGDE ETTER SHOWET: Rune Andersen og Vidar Hodnekvam fortel til porten.no at dei er strålande nøgde etter vel gjennomført kveld i Øvre Årdal fredag.

Utfyller kvarandre

Det er første gongen at han og standup-komikaren Vidar Hodnekvam (33) er satt opp i lag same kveld.

- Eg har stor sans for Hodnekvam. Han er ein skikkeleg dyktig standup-komikar. Eg driv meir med satire og musikalske parodiar, slik sett er me ulike, men det trur eg er veldig bra når me skal opptre slik etterkvarandre, seier Andersen.

Hodnekvam er også nøgd med kvelden, og når det gjeld kva han tenkjer om Årdal, svarar han; - Eg trur det må vera det der Øvre kontra Tangen-greiene, det er ganske morosamt og spesielt på ein slik liten plass, humrar han.  

Men den unge komikaren understrekar at han er frå Knarvik, ein mindre tettstad utanfor Bergen.

- Eg er "stril", og fullstendig klar over korleis det er å bu på ein mindre tettstad, og ikkje minst det å vera avhengig av ei hjørnesteinbedrift, seier han.

Trubadur Eckhoff avslutta kvelden i teltet til seint ut til dei seine nattetimar:

Trubadur Eckhoff i Øvre haust 2015

Porten.no kjem attende med fleire bilete frå arrangementet i helga.

Til toppen