Filefjell: Kvåle sa til forsamlinga at han var overraska over at kost/nytte er så sterkt vektlagt av den nye regjeringa i vegprosjekt. Det går fram av ei pressemelding frå Stamvegutvalet.
– Det er første gong dette har kome inn som eit så viktig kriterium, sa han, og la til at ein nesten ikkje finn vegprosjekt som har lønt seg over ein 40-års periode.
– Det er i så fall vegprosjekt ved tett busette stader og byar. Me meiner at samfunnstryggleik og beredskap også må vektleggjast, sa han.
Eit anna punkt Kvåle var oppteken av, var å fullføre heile vegstrekninga når eit vegarbeid var starta.

– Gjer E16 ferdig med gul stripe
Det fortalte han då Stamvegutvalet E16 hadde årsmøte 1. april. Utvalet sitt arbeid er spesielt retta mot dei overordna faglege og politiske myndigheiter for å få raskast mogleg opprusting av E16 mellom Sandvika og Bergen til stamvegstandard.
I den pågåande debatten om hovudvegar mellom aust og vest har utvalet vore opptekne av å påpeike at Filefjell er den sikraste og beste fjellovergangen. E16 er ikkje valt ut som ein av to hovudvegar det skal satsast på av regjeringa, men det er lovd av prosjekta som er starta på, skal fullførast. Dette vart vektlagt på møtet også.
– Det viktigaste no er å fullføre eit godt påbegynt arbeid. Gjer E16 ferdig med gul stripe, oppfordra blant andre Nils T. Bjørke, leiar i samferdsleutvalet i Hordaland.
Prioriterer bynære strekningar
For tida er det eit omfattande arbeid som pågår på Filefjell med ny tunnel som skal opnast sommaren 2017. Hovudbodskapen i møtet gjekk med på å drøfte innspel til den framlagte NTP-en.
I drøftingane var det nokre nyansar, men elles var det brei semje om at dei bynære strekningane Skaret-Hønefoss og Bergen-Voss må prioriterast. Det var også semje om at Fagernes-Hande, Kvamskleive, Ljøsne-Tønjum, Nærøydalstunnelen og Oppheim-Voss var strekningar som måtte prioriterast.
Artikkelen held fram under biletet.

Nærøydalen føre Ljøsne-Tønjum
På møtet, der representantar frå Hole i aust til Vaksdal i vest var representert, blei også status for dei enkelte strekningane presentert. Jan Geir Solheim la fram status for Indre Sogn.
Han la vekt på at ei løysing for Nærøydalen var viktigast no, deretter Ljøsne-Tønjum. Songdalsordførar Jarle Aarvoll tala varmt for koplinga mot riksveg 5 med bru over Sognefjorden ved Fodnes – Mannheller.
Vidar Eltun held fram som leiar for Stamvegutvalget, medan Nils T. Bjørke blir ny nestleiar. I arbeidsutvalet kjem også Even Aleksander Hagen inn som ny. Arne Bang, som har hatt sekretariatsfunksjonen sidan starten i 1984, vart takka for innsatsen med blomster.