SIGNERER: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (f.v.), fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal signerer på avtalen forhandlingane om ein ny vestlandsregion har munna ut i. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommuen 
SIGNERER: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (f.v.), fylkesordførar i Hordaland Anne Gine Hestetun og fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal signerer på avtalen forhandlingane om ein ny vestlandsregion har munna ut i. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommuen 

– Overraska viss fylkestinget går inn for dette

Aleksander Øren Heen trur ikkje det blir noko av den nye Vestlandsregionen.

– Det sit i alle fall langt inne for meg å gå inn for dette. Eg kan vel seia at eg ikkje kjem til å gjera det. No skal partigruppene diskutera det som ligg føre, men eg blir overraska viss Fylkestinget går inn for dette, seier Aleksander Øren Heen som sit på fylkestinget for Senterpartiet.

I går blei det det klart at fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland har forhandla fram ein intensjonsavtale om ein ny vestlandsregion som skal erstatta dei tre fylkeskommunane frå 2020.

MOT: Aleksander Øren Heen (SP) signaliserer at han vil stemma mot å oppretta den nye vestlandsregionen. Arkiv
MOT: Aleksander Øren Heen (SP) signaliserer at han vil stemma mot å oppretta den nye vestlandsregionen. Arkiv

– Regionreformen bør engasjera mannen i gata

Fylkesordførar Jenny Følling har omtala intensjonsavtalen som "ein balansert modell med spreiing av arbeidsplassar har heile tida vore viktig for oss." Følling og Øren Heen er partikollegaer, og slik forklarar han at dei to framstår ueinige i saka:

– Fylkesordføraren jobbar her på vegner av fylkestinget, og Fylkestinget har sagt ein vil gå inn i forhandlingar om ein intensjonsavtale. Eg som senterpartipolitikar kan fronta synet Sogn og Fjordane senterparti har, og dette er sentralisering i ein altfor stor region. Ein stor regionen flytter makt lenger vekk frå folk, og eg gjekk til val på noko anna.

– Så det du seier er at Følling meiner noko anna enn slik det framstår?

– Det må vera takhøgd for ulike meiningar i eit parti. No er det ikkje viktig kva som blir diskutert innad i Senterpartiet, men at det blir ein diskusjon ute blant folk om dette er vegen fylket skal ta. Difor bør regionreformen engasjera mannen i gata. Her står mykje på spel som angår folk kvar dag  - veg, helse og skule. Og ein fryktar eit stort tap av arbeidsplassar frå fylket.

Murringar

Allereie er det murringar - spesielt Rogaland verkar misnøgde med intensjonsavtalen. Janne Johnsen, gruppeleiar for Høgre i fylkestinget i Rogaland, uttalte at ho har vanskar med å anbefala intensjonsavtalen til si fylkestingsgruppe.

Bergensavisen på si side hevdar Rogaland prøver å stikka av med så mykje som mogleg - på bekostning av Hordaland.

– Interessekonflikter vil dukka opp, så dette overraskar meg ikkje. Her har ein gapa over for mykje, seier Øren Heen.

– Får neppe halda fram som eige fylke av regjeringa

Fylkesleiar Hilmar Høl i Arbeidarpartiet fortel dei også helst hadde sett Sogn og Fjordane vart ståande som eige fylke, men at det er lite realistisk.

VANSKELEG: Fylkesleiar i AP, Hilmar Høl, tykkjer regionreformen er ei vanskeleg sak. Arkivfoto
VANSKELEG: Fylkesleiar i AP, Hilmar Høl, tykkjer regionreformen er ei vanskeleg sak. Arkivfoto

– Regjeringa gir oss neppe lov til å halda fram som eige fylke. Difor har Fylkestinget gitt mandat om å forhandla fram denne intensjonsavtalen. Me er i ein veldig vanskeleg situasjon og har vald å ta ein offensiv posisjon ved å snakka med Rogaland og Hordaland.

Han fortel vidare at å inngå ein intensjonsavtale med fylka i sør kan demma opp for "worst case scenario" - ei splitting av fylket.

– Møre og Romsdal har sitte på gjerdet og ikkje gjort noko i høve regionreformen. Krefter i regjeringa - til dømes parlamentarsik leiar i FRP, Harald T. Nesvik - ser føre seg ei splitting av fylket der Nordfjord går til Møre og Romsdal, medan Sunnfjord og Sogn går til fylka i sør. Og det vil ein kvar fylkespolitikar i Sogn og Fjordane unngå. 

– At Sogn og Fjordane får fylkesmannsembetet roar meg litt

Når ein intensjonsavtale no ligg på bordet og skal gjennom fylkestinga i dei tre fylka, tykkjer ikkje Høl utgangspunktet er så verst.

– Eg var svært lunken frå starten av, men spesielt at fylkesmannsembetet ligg an til å bli verande på Leikanger gjer at eg har roa meg litt ned. No tek kommunalministeren den siste avgjerda i høve kvar Fylkesmannen skal liggja, men eg meiner ministeren vanskeleg kan sjå vekk frå det forhandlingsutvalet har fram til. 

At Sogn og Fjordane får Fylkesmannen meiner Høl også er viktig med tanke på offentlege arbeidsplassar.

– Det gir større von for at DIFI, NAV økonomi og regionalkontoret til Statens Vegvesen får liggja på Leikanger.

– Kva tenkjer du om den øvrige funkjsonsfordelinga; at Sogn og Fjordane får den administrative leiinga i hovudutvala for veg og kultur?

– Næringsdelen er viktig for fylket, og no blir den liggjande heilt sør - i Rogaland. Men her reknar eg med det vil bli tilpasningar så me framleis får ha næringsretta folk i Sogn og Fjordane også. Veg er ein tung post, så den er det naturlegvis positivt at me får.

Det tykkjer også Øren Heen i Senterpartiet.

– Det er flott at me får den. Men me har jo allereie regionvegkontoret, så kor mykje meir som kjem er eg usikker på.

Intensjonsavtalen skal opp til politisk handsaming i dei tre fylkestinga, fyrst i oktober, og deretter i revidert utgåve i desember.

– I god organisasjonsånd og for Sogn og Fjordane AP er det viktig at våre partilag får handsama dette før me set representantskap i oktober. Utfallet av det møtet vil og gje ein peikepinn om kva me skal meine i det vidare løpet, avsluttar Høl

Til toppen