SAKNAR INNHALD: Aleksander Øren Heen (Sp) synest det er overraskande lite innhald i regionreforma som Jan Tore Sanner (H) la fram tysdag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SAKNAR INNHALD: Aleksander Øren Heen (Sp) synest det er overraskande lite innhald i regionreforma som Jan Tore Sanner (H) la fram tysdag. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

– Overraskande lite innhald i regionreforma

– Viss ein ønskjer ei regionreform, må ein koma med oppgåver av betydning som gjer det interessant for fylkeskommunar å bli større.

Årdal: Det seier Aleksander Øren Heen (Sp) som er klokkeklar i si meining om stortingsmeldinga som kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) la fram tysdag.

Han meiner det er overraskande lite innhald i det som vert lagt fram og finn ingenting som skal gjera det interessant for fylkeskommunane å vurdere å bli større. 

– Det finn eg ingenting av i det som vart lagt fram i dag. Då ser eg ingen grunn til å halde fram med noko vidare arbeid med samanslåing med Hordaland, seier han til Porten.no.

Fryktar filial under Bergen

Sanner hevdar dagens 19 fylkeskommunar er gått ut på dato og vil erstatte desse med ti regionar. Heen og Senterpartiet meiner ei rekke oppgåver burde vore fordelt til dagens fylkeskommunar og på den måten gitt auka lokaldemokrati.

– Men det finn me heller ingenting om i regionreforma. Kvifor ein skal ned på ti regionar, skjønnar eg ikkje, og eg er heilt sikker på at folk i Sogn og Fjordane er best med at fylket består. Dette handlar om arbeidsplassar, at me vil styra våre vegprosjekt og vidaregåande skular. 

– Eg forventar at folk seier klart i frå at me er solide og sterke nok, at me vil vera sjølvstyrte og ikkje ein filial under Bergen, seier Heen.

All makt til Bergen

Han viser til Hardanger, som på mange måtar kan samanliknast med store delar av Sogn og Fjordane. 

– I Hordaland er all politisk makt samla i Bergen, og dei store økonomiske ressursane vert brukt i Bergen. Biletet blir ikkje annleis om ein legg til Sogn og Fjordane. Det meiner eg er ein realitet me må ta inn over oss, og som er verdt å kjempa for.

Voss og Volda betre tent i Sogn og Fjordane

I desse tider foregår også kommunereforma for fullt med folkerøystingar over alt i landet. Dette kan resultere i nye kommunar på tvers av dagens fylkesgrenser. Mellom anna kan Aurland og Vik forsvinna til Hordaland. Nord i fylket pågår liknande samtalar med Sunnmøre-kommunar.

– Hordaland med sine 400 000 innbyggjarar har mindre å tapa på å mista Voss enn det me har på å mista Vik og Aurland. Eg trur både Voss og Volda er betre tent med å vere i Sogn og Fjordane enn i eit fylket der byane sit med makta. 

– Det unike med Sogn og Fjordane er at me er eit fylke med ganske like samfunn, der både makt og arbeidsplassar er ganske jamnt fordelt i heile fylket. Det er ein verdi som det er verdt å ta vare på. 

Til toppen