OVERREKTE GÅVE: Heilt sidan i haust har damene i quiltelaget stått på for å ferda eit teppe som skal nyttast i leiligheita for pasientar som får palliativ behandling ved korttidsavdelinga på Åbo. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OVERREKTE GÅVE: Heilt sidan i haust har damene i quiltelaget stått på for å ferda eit teppe som skal nyttast i leiligheita for pasientar som får palliativ behandling ved korttidsavdelinga på Åbo. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Overrekte morsteppe til Åbo

– Dette er ei betydningsfull gåve, seier Anita Sviggum. 

Årdal: Måndag kveld kunne quiltelaget i Årdal endeleg overrekke gåva dei har jobba i eit halvt år med å ferdigstille. 

Heilt sidan dei vart kontakta av Åbo i haust har damene i quiltelaget stått på og sydd for å lage eit quilteteppe til ei leiligheit for pasientar som får palliativ behandling. Det vil seia at behandlinga handlar meir om å redusere og lindre smerter framfor å finna ein kur.

– Alle har bidrege, og me håpar de får god nytte av den. Me fann ut at roser var eit fint motiv å nytte på teppet, seier leiar i quiltelaget Aud Øren.

Nøgd med resultatet

Quiltelaget har for vane å bidra med slike betydningsfulle gåver til dei som treng det. Kvart år sender dei mellom anna eit teppe til kreftavdelinga ved Haukeland, der born mellom 0 og 6 år får dette til odel og eige. 

Det var Åbo som bestilte kunstverket til å ha i leiligheita. Anita Sviggum er veldig nøgd med resultatet.

– Det vart eit veldig flott teppe som har stor betydning for folk nyttar seg av dette tilbodet, seier ho. 

Viktig tilbod

Årdal er ein kommune som skil seg ut sådan som har eit slikt rom. Leiligheita kom saman med korttidsavdelinga som vart opna i haust. Her er alt tilrettelagt for at ein familie i ro og fred kan vera saman den siste tida. Leiligheita er fullt innreda med alle fasilitetar til å vera der over lang tid. Pårørande kan også overnatte.

– Dette er noko me har ønskt oss lenge. Vik har det. Det er viktig å ha ein plass der ein kan samla familien, og alle blir godt ivaretekne. Dessutan slepp pasienten å bli flytta på, fortel Sviggum.

– Me var priviligerte som kunne bruke ei leiligheit, som me har innreda slik at det ser ut som ein vanleg heim med unntak av soverommet som har noko institusjonspreg over seg. 

Til toppen