OVERSKOT: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjekk med overskot i 2016. Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
OVERSKOT: Sogn og Fjordane fylkeskommune gjekk med overskot i 2016. Foto: Oskar Andersen/Sogn og Fjordane fylkeskommune. (Foto: Oskar Andersen)

Overskot for fylkeskommunen i 2016

Takka vere god budsjettdisiplin og god økonomistyring gjekk fylkeskommunen i pluss med 14,5 millionar kroner i 2016.

Fylket: Det går fram av rekneskapen som Sogn og Fjordane fylkeskommune la fram torsdag. 

Dette er eit noko lægre tal enn gjennomsnittet dei fire siste åra. 2016 er då også fyrste året der inntektene har gått vesentleg ned med det nye inntektssystemet. Sett i lys av det, må resultatet seiast å vere bra, skriv fylkeskommunen.

Netto driftsresultat vert nytta som ein indikator på kor godt resultat ein fylkeskommune/kommune har. For fylkeskommunar er det no tilrådd å ha eit netto driftsresultat på minst 4 prosent (av samla driftsinntekter).

Netto driftsresultat 2016 for Sogn og Fjordane fylkeskommune er på 214,9 millionar kroner, det vil seie 6,8 prosent. Tilsvarande tal i 2015 var 5,3 prosent.

Du kan lese rekneskapen i sin heilskap her.

Til toppen