Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto (Foto: Illustrasjon)

Overstadig rusa og mogleg fyllekøyring

Ungdom vart køyrd heim og mann i 20-åra køyrde utfor vegen.

Årdal/Aurland: Politiet melder på Twitter at dei kom over ein overstadig rusa ungdom i Årdal rett før klokka halv eitt natt til søndag. Ungdommen vart køyrd heim av politiet.

Rett over klokka to måtte naudetatane trø til i Aurland - ein bil hadde køyrd utfor vegen mellom Aurland og Flåm. På Twitter melder politiet at det er mistanke om køyring i rusa tilstand. Mannen i 20-åra vart sendt til Førde sentralsjukehus etter uhellet.

Til toppen