MINEFELT: Filming med dashcam er ikkje ulovleg i Noreg, men om du publiserer ein film, kan du bryte lova. Foto: Thomas Larsen/NTB Tema/NPK
MINEFELT: Filming med dashcam er ikkje ulovleg i Noreg, men om du publiserer ein film, kan du bryte lova. Foto: Thomas Larsen/NTB Tema/NPK

Overvaka av medtrafikantar

Utrykkingspolitiet er kritiske til bilistar med dashcam som leiker politi. Legg bilistane filmane ut på nettet kan opphavsmannen dessutan hamne i ei juridisk hengjemyr.

– Privatpersonar sin bruk av desse kameraa hamnar utanfor rammene av personopplysingslova. Det er ikkje ulovleg å montere eit slikt kamera i bilen og filme. Problema kjem om ein bestemmer seg for å publisere videoen på internett eller i sosiale medium, seier Rannveig Bakke Tvedten, juridisk rådgjevar i Datatilsynet.

– Kan vere som dokumentasjon

Ho seier ein kan hamne i ein juridisk vanskeleg situasjon om ein publiserer film som er filma med dashcam.

– Problemet oppstår når ein publiserer ein film der ein tredjeperson føler seg uthengt. Køyrer ein langs ein vakker fjord utan trafikk og legg dette ut er ikkje det noko problem. Men om ein køyrer langs den same fjorden og det er andre bilar med i videoen kan ein bli ansvarleggjort rettsleg fordi ein eksponerer andre i det offentlege rom. Det gjeld nok særleg om dei som er med på videoen føler seg urettmessig uthengt, seier Tvedten.

Artikkelen held fram under biletet

LITE: – Dashcams er laga for å vere montert i frontruta. Dei små kameraa fangar alt som skjer framfor bilen din når du køyrer.
LITE: – Dashcams er laga for å vere montert i frontruta. Dei små kameraa fangar alt som skjer framfor bilen din når du køyrer.

Derimot kan ein bruke filmane ved ein ulukke.

– Filmar som vert brukt som dokumentasjon i samband med ulukker er nok lovleg, seier ho

– Mykje skjer utanfor linsa

– Vi observerer at vi får inn nokre videoar frå tid til annan, men veldig mykje er det ikkje, seier kommunikasjonsrådgjevar Sigmund Clementz i IF Skadeforsikring.

INGEN TREND: – Frå tid til anna får vi inn videoar filma med dashcam, men nokon trend er det ikkje. Eit slikt kamera kan ikkje erstatte skademeldinga, seier kommunikasjonsrådgjevar Sigmund Clementz i IF Skadeforsikring.
INGEN TREND: – Frå tid til anna får vi inn videoar filma med dashcam, men nokon trend er det ikkje. Eit slikt kamera kan ikkje erstatte skademeldinga, seier kommunikasjonsrådgjevar Sigmund Clementz i IF Skadeforsikring.

Han seier òg at eit dashcam åleine ikkje er godt nok som bevis ved ei ulykke.

– Det kan gje nyttig informasjon. Vi ser på dette som eitt av fleire dokumentasjonsverktøy som kan vere til hjelp når ein skal finne ut kva som skjedde. Ulempa er at kameraet ikkje fortel noko om kva som skjer utanfor synsvidda av linsen. Her kan det ha skjedd ting som har stor betydning for utfallet av ei skadesak, men som ikkje er med på filmen, seier han.

Ingen rabattar

Framleis er det skademeldingsskjemaet som er det viktigaste dokumentet ved ein ulukke, og IF anbefaler at ein fyller det ut så nøyaktig som mogleg.

– Vi vil aldri avgjere ei skadesak på bakgrunn av ein video frå eit dashcam åleine, men det kan vere nyttig for å gje betre oversikt. Derimot oppmodar vi heller til å bruke tid på å vere nøye med å dokumentere hendinga med bilete og avstandsmål og leggje ved skademeldinga. Ein eventuell video frå eit kamera som dette vil berre vere eit supplement, seier han.

Nokre fordelar for kundar som monterer kamera i bilen sin vil ikkje Clementz love.

– Det er heilt frivillig å montere dette i bilen. Nokre gjer det av nysgjerrigheit, andre for å dokumentere hendingar på vegen. Vi kjem ikkje til å gje rabattar eller gunstigare forsikring til dei som har dashcam.

Kan brukast som bevis

Hjå utrykkingspolitiet ser ein ikkje på bruken av dashcam som noko stort problem.

– Dette er fullt lovleg å bruke, men det må ikkje vere montert slik at det er til hinder for sikta, seier UP-sjef Gunnar Karlsen.

– Vi har eit avslappa forhold til denne typen kamera, men vi ser òg at det er sider ved dette som ikkje er like bra. Vår uro går på at det kan inspirere til farleg åtferd om nokre vil lage ein skrytefilm til å leggje ut på nettet. Vi er òg merksame på faren for at enkelte med slikt utstyr vil køyre rundt og leike politi.

Samtidig ser UP-sjefen at desse kameraa kan sikre viktige bevis.

– I enkelte saker kan opptak frå dashcam brukast som bevis. I Noreg er det fri bevisførsel, og vi har døme på at videoar som dette er lagt fram. Difor kan kameraa ha ein viss verdi, men den store trafikktryggingseffekten av dei ser vi ikkje, seier UP-sjefen.

(©NPK)

Til toppen