HEILT SVART: Slik såg det ut på torget i Øvre Årdal fredag kveld. I nesten tre timar var straumen vekke. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HEILT SVART: Slik såg det ut på torget i Øvre Årdal fredag kveld. I nesten tre timar var straumen vekke. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Øvre Årdal i svart i tre timar

Det var rundt 17.15 fredag at straumen forsvann i Øvre Årdal. Det skulle bli tre nervepirrande timar.

Årdal: Kort tid etter at samtlege husstandar i Øvre Årdal gjekk i svart, fortalte Jørgen Luggenes ved Årdal Energi at dei jobba med å finne feilen. 

Samstundes som at resten av bygda vart mørklagd, vart også Hydro det same. Det skulle bli starten på tre nervepirrande timar. 

Etter rundt ein time kunne informasjonssjef ved metallverket i Årdal, Odd Steinar Natvik, framleis ikkje seie noko om årsak, men understreka at dette var alvorleg.

– Ein straumstans er alltid alvorleg for smelteverk. Du kan gå nokre timar utan straum, kanskje to-tre timar, fortalte han.

Kort tid etter kunne informasjonssjef i Hydro, Halvor Molland, fortelje at fokuset no låg på ein feil som dei jobba med å ordne. 

Tida gjekk, og rundt 19.45, etter to og ein halv time utan straum, fortalte Egil Fredriksen at det byrja å bli kritisk for kvart minutt som gjekk. Då hadde dei allereie prøvd ein omveg på linja via Årdalstangen, noko som førte til at straumen forsvann der i nokre minuttar, utan å lykkast.

Men snaue 20 minuttar seinare var straumen tilbake og lettelsen stor. No startar arbeidet med å normalisere drifta igjen.

Elles kunne teknisk vakt i Årdal kommune fortelje at dei var førebudde på straumbrot, og at nødaggregat var på plass ved alle omsorgstenestene i kommunen. Dei hadde også beredskap ved vassverket.

Til toppen